– Det var på tide eg kom meg hit og fekk sjå utviklinga i kommunen. De har jo også ein svært profilert Senterparti-ordførar her, sa Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum då han besøkte Ørsta fredag føremiddag.

Vedum flaug eigentleg til Hovden for å delta på fylkesårsmøtet til Sogn og Fjordane Senterparti i Loen, men å ta ein føremiddag på Sunnmøre som godt kunne gått under vignetten «opplev Ørsta».

– Imponerande

For her hadde ordførar Stein Aam lagt opp til høgt tempo. På flyplassen var det orientering frå lufthamnsjef Sverre Bae, før Vedum vart teken med på biltur både til fleirbrukshalltomta og legesentertomta. På rådhuset presenterte ordføraren heile skrytelista si, frå byggeprosjekt til planar for reiseliv og sentrumsutvikling. Deretter, og no utan Møre-Nytt på slep, var det lagt opp til spasertur gjennom sentrum og lunsj på Fru Svendsen i Vikegata.

– Det er imponerande å sjå kva de får til i Ørsta no, og den stå på-viljen som verkar å vere her.

– Dette viser vel at det er mogleg for distrikta å utvikle seg med ei blå regjering også?

– Når det gjeld denne typen utvikling så trur eg nok det er den lokale viljen som er det avgjerande. Og dette er noko av grunnen til at vi har vore så kritiske til kommunereforma også. For å få til utvikling, er det heilt avgjerande å ha lokale politikarar og ordførar som brenn for staden, og som driv fram prosjekt som dei vi ser i Ørsta no. Difor er vi også glade for at Ørsta hadde tru på å utvikle seg som sjølvstendig kommune også, svarte Sp-leiaren til Møre-Nytt.

– Ørsta er ein ganske stor kommune i norsk samanheng, men den er likevel liten nok til å få den nærleiken til innbyggjarane som vi meiner er viktig, la han til.

– Var det bra for Senterpartiet at ein stor Senterparti-kommune som Ørsta sa nei til samanslåing? Ville det vore eit skot for baugen for partiet om Ørsta sa ja?

– Eg var glad for at Stein Aam både viste evne til å vere ein ordførar for heile kommunen, uavhengig av standpunkt, og at han også var tydeleg på kva han meinte sjølv. Det viktigaste for oss er å halde på det nære i ute i kommunane, men eg var nøgd då Aam var på Dagsrevyen og presenterte resultatet i Ørsta.

Sentralisering

– Er det konkrete døme på at det de kallar sentraliseringspolitikk frå regjeringa si side har råka Ørsta og Volda dei siste åra? Dei fleste tilboda og institusjonane i Ørsta og Volda som har vore trua, har jo vorte berga i siste instans?

– Det har vore mange kampar for å bevare dei tilboda som er, og eg meiner vi må kome oss bort frå desse defensive kampane og over på offensive kampar. No har det vore ein stor sentraliseringsdriv på svært mange samfunnsområde samtidig. Vi må få færre fakkeltog, og meir utvikling. Så meiner eg også vi har gjort det vanskelegare for regjeringa å legge ned tilboda i distrikta ved at vi har vore veldig tydelege på kvar vi står.

Valkamp

Det var ingen tvil om at Vedum var i Ørsta for å bygge relasjon før stortingsvalkampen til hausten. Store distriktskommunar som Ørsta er viktige for Senterpartiet si oppslutning i fylket, og partileiaren legg ikkje skjul på kva målet er.

– Det er å få to mandat. Vi har ei tydeleg røyst i Jenny Klinge i dag, og så har vi Geir Inge Lien (ordførar i Vestnes, journ. merk.) som nummer to. Eg håper jo sjølvsagt på at den framgangen vi fekk i Ørsta i kommunevalet i 2015 også skal slå til i stortingsvalet. Men det er heilskapen i fylket som er viktigast. Vi gjer det også bra i ein bykommune som Kristiansund. Men eg tek det aldri for gitt å få stemmer, for det er ei kjempestort tillitserklæring.