Med fem mot tre røyster vedtok utvalet på eit møte onsdag å forkaste tilrådinga frå rådmannen om at Ørsta skal samlokaliserast med PP-tenesta i Hareid, Volda og Ulstein, med kontor i Ulstein.

Odd Magne Vinjevoll (Frp), leiar i levekårsutvalet, fremja fleirtalsframlegget der kravet er at ein m.a. i sterkare grad involverer dei som kjenner og brukar PP-tenesta.

– Utgreiinga av denne saka har manglar om kva prosess vi no går inn i. Saka har mange uavklarte ting og det er vanskeleg å danne seg eit heilskapsbilde, sa Odd Magne Vinjevoll under debatten.

Presenterte

Han presenterte ei lang og grundig tilråding der det heiter m.a.: «Levekårsutvalet har lenge vore kjende med at interne forhold ved PPT-kontoret ikkje har vore tilfredsstillande. Levekårsutvalet som fagutval er svært uroa over at dette over lengre tid ikkje har gitt eit optimalt tilbod til brukarane, og at det har vore stor slitasje på dei tilsette. Ny informasjon som har kome fram er at brukarane den siste tida ser positive endringar i tenesta.

Levekårsutvalet ønskjer no ein ryddig og involverande prosess for framtidige gode tenester og ein god arbeidsplass for dei tilsette. Vi vil rå til at ein no startar ein prosess saman med brukarane og dei fagtilsette for å sikre denne tenesta for framtida. Det vil vere uheldig for prosessen at det er ein dato i svært kort framtid, 1. august i år, som skal styre prosjektet. Ørsta Kommune sine verdival er å sikre at omstillingsprosessar vert gjennomført på ein god måte i samsvar med lov og avtaleverk, dette for å oppnå føreseielege og ryddige prosessar der ein har fokus på involvering av dei tilsette og kjerneverdiane til Ørsta Kommune».

Rådmann Wenche Solheim var ikkje samd i at saksutgreiinga var for lite grundig.

– Det er avgrensa kor omfattande prosessane skal vere før ein gjer vedtak, og alle endringar gir omstilling. Vi har hatt gode prosessar i saka, men det betyr ikkje at alle har fått det slik dei vil. Det vert mykje snakk om kjensler i saka, litt som i kommunereforma, i staden for at ein ser praktisk på det, sa Solheim.

Ho er overtydd om at PP-tenesta vert betre med samlokalisering og åtvara mot at Ørsta no melder seg ut.

– Seier vi nei, legg dei andre kommunane kabalen før vi eventuelt kjem tilbake. Og då får ikkje Ørsta vere med og forme ut den nye organisasjonen, sa rådmannen. Ho peika på at Ørsta uansett ikkje skal tilbake der ein er i dag for PP-tenesta og at det er ute i kommunane jobben skal gjerast.

– PPT-brukarar på Hareid er sjeldan på PPT-kontoret i Ulstein sjølv om kontoret ligg i Ulstein, sa ho.

Vanskeleg

Fleire av medlemmene i levekårsutvalet syntest saka var vanskeleg og uoversiktleg.

Marit Aklestad (SV):

– Saka er komplisert og vanskeleg. Vi har fått informasjon, men det likevel vanskeleg å sjå heilskapen og kva ein skal meine. Vi har ikkje hatt eit velfungerande PPt-tilbod siste åra, og det må vi ha. Men vil ei endring av organiseringa endre på dette, spurte Aklestad.

Karen Høydal (Ap) deltok som ordførar i møtet.

– Denne saka hastar og vi må vere med i prosessen og vi må få systemet til å fungere. Vi må be om ei sak som handlar om systemet og om det vedtekne systemet er godt nok. Seier vi nei, må vi jobbe ut ifrå å vere aleine.

Brit Aanning Aarseth (H) var ikkje i tvil om kva som var best:

– Eit sterkt fagmiljø må prioriterast. Vi har i dag samarbeid på mange område med nabokommunane. Eg går sterkt inn for større fagområde etter rådmannen si tilråding, sa Aarseth.

Trico: PPT for ØRsta og Volda har halde til i Trico-bygget dei siste åra. Foto: Roy-Arne Folkestad