Det sa Fredrik Christian Langlo frå språkprisnemnda til Ørsta Mållag då han onsdag tildelte Vartdal Plastindustri målprisen for 2017.

– For nynorsken, som vi alle her er så glade i, er det særs verdifull reklame at ei topp moderne verksemd med nedslagsfelt over heile kongeriket, dokumenterer at nynorsk er eit veleigna næringslivsspråk. Det er ingen tvil om at verksemda er kvalifisert til ein slik pris. Vi veit ikkje om Vartdal Plastindustri tener eller taper økonomisk på å nytte heimemålet sitt. Det vi derimot veit, er at eigarane med dette viser at dei er trygge på og stolte av sin eigen kultur, sitt eige språk og si eiga historie. Kort sagt; dei veit kvar dei kjem ifrå og kvar dei høyrer heime. Ei slik sunn sjølvkjensle fører også til at dei får tillit frå andre, helsa Langlo.

Produktsjef Mounir El`Mourabit tok i mot prisen på vegner av Vartdal Plastindustri.

– Det var ein overraskande og gledeleg pris. I det daglege tenkjer vi ikkje over at det er nynorsk vi nyttar. Det som er viktig for oss er at vi nyttar eit lettfatteleg og forståeleg språk. Kva er god og lettlesen nynorsk? Det er vårt fokus, og det vil vi halde fram med. Vi set stor pris på prisen, takka han.

Dette var også med i grunngjevinga til målprisnemnda.

– Det som særpregar nynorsken til verksemda er at han er heilt lytefri, han er lettleseleg og ujålete, og kan såleis tene som førebilete for andre. Vi håper verksemder i Ørsta og Volda vil følge Vartdal Plastindustri sitt eksempel, sa Langlo, som framheva at nynorsken kling vakkert i lyrikk og poesi, men at han også er veleigna på alle felt; i all journalistikk i aviser, tv og radio, i sosiale medium, i fag- og skjønnlitteratur, i film og teater, i song og musikk, i administrasjon og forvaltning, i jus og politikk.

– Eller som vår verdskjende forfattar Jon Fosse seier det på diplomet vi deler ut: «-i kvardag, i kjærleik, i sorg, i song og i bannskap.»

Leiar i Ørsta Mållag, Ingebjørg Røyrhus Øyehaug er også glad for at Vartdal Plastindustri fekk prisen.

– Meir nynorsk i næringslivet er eit satsingsområde for oss. Vi er veldig glade for at stadig fleire nyttar nynorsk, sa ho, og fortalde at dei også arrangerer nynorskkurs for næringslivet for å få auka fokus på det.