– Ideen og inspirasjonen er henta frå ei badstue som ligg i Sørenga i Oslo sentrum. Badstua er bygt som eit «hus» på ei enkel flåte med måla tre gonger fem meter. Badstua er populær og vert brukt heile året av turistar og fastbuande, fortel Tommy Riise Olsen i søknaden.

Han er med i ei prosjektgruppe samansett av seks personar, kalla Sæbø Sauna. Det vert søkt om 10.000 kroner i støtte.

– Tanken bak båtsaunaen er å skape noko nytt, kult og unikt i Sæbø sentrum som kan trekkje til seg seg fastbuande og turistar. Vi ynskjer i utgangspunktet at dette skal vere ein båtsauna som er stasjonert i Sæbø sentrum, men som og kan flyttast til andre plassar og arrangement i fjorden om det er ønskjeleg, til dømes Indiefjord på Bjørke. Vi ser føre oss at badstua kan brukast med fotografering og promotering av Ørsta kommune – Sæbø som ein god, hipp og kul plass å leve og vitje, skriv Riise Olsen i søknaden. Håpet er å få badstua ferdig til komande sommar.