Bygdefolket på Bjørke er delte i saka om grensejustering

Maria Nikkinen Rørstad står saman med fleire sambygdingar utanfor grendehuset Haukly på Bjørke. Dei har nettopp delteke på det opne møtet samfunnsutvalet inviterte til. Dei kom ikkje utanom temaet om Bjørke framleis skal vere ein del av Ørsta kommune, eller om dei skal sjå mot Volda og Hornindal.

– Det er mange delte meiningar i bygda, men vi har gode diskusjonar. Vi er ikkje splitta. Vi står samla, men vi representerer alle meiningane. Det gamle er trygt, men det nye og ukjente lokkar også. Det er veldig personleg kva vi meiner, og heng saman med alder og livssituasjon, seier ho.

Sjølv har ho og mannen Torbjørn Saure Hoel, sonen i barnehage i Hornindal. Det handlar om nærleik. Bygdefolket gjer nesten alle innkjøpa sine enten i Volda eller på Grodås. Dei har helsetenestene sine i Volda, og borna går på skule i Volda.

– Det vi ønskjer er ei utgreiing som skal sjå på fordelane og ulempene ved å lausrive seg. Før vi veit noko om dette er det vanskeleg å konkludere.

Gløymt

Spørsmålet om Bjørke skal lausrive seg frå Ørsta kommune er inne i ein modningsprosess. Leiar i grendelaget, Svein Homberset Skjåstad, fortel at saka har vore oppe til diskusjon på årsmøtet.

– Somme ønskjer seg til Volda, og meiner denne grensejusteringa burde ha skjedd for lenge sidan. Andre vil ha det som det er. Andre igjen veit ikkje kva dei vil. Fleirtalet trur eg ligg i denne siste gruppa. Så mykje lenger enn det har vi ikkje kome. Det er ein open prosess kva som skal skje framover. Somme føler på at dei kjenner seg litt gløymde av Ørsta kommune. Her er ikkje lenger offentlege tenester, anna enn nokre kommunale vegar. Her er ikkje lege, og rådhuset i Ørsta er lenger vekke enn rådhuset i Volda. Det er mange spørsmål og tankar som dukkar opp. Vi ønskjer vel at kommunen skal vise at dei er til, også for oss, sa han på møtet.

Dei sist tilgjengelege opplysningane viser at det per 1. januar 2016 var 123 innbyggjarar i krinsane Bjørke og Viddal. Inndelingslova gjer det klart at innbyggjarane bør verte høyrde i ei grensejusteringssak, og at det er fylkesmannen som skal vere ansvarleg for ein prosess overfor Stortinget. Til slutt er det Stortinget som må gjere justeringsvedtaket.

Overtydd

Einar Saure er klar på at han ønskjer Bjørke som ein del av Volda-Hornindal.

– Eg er overtydd om at bygda vår ville ha stått sterkare i ein befolkningskonsentrasjon på ei mils radius med 1.500 innbyggjarar, enn når vi no står heilt mutters aleine i Ørsta kommune. Vi må sjå på kva som er mest tenleg for dei som buset seg her. Vi får alle tenestene våre med andre kommunar enn Ørsta, innan 15 minutts køyring frå Bjørke. Det er grunnen til at eg går så hardt inn for dette, sa han.

Ola Perry Saure meiner Bjørke står godt i Ørsta.

– Vi må ikkje gløyme kva som faktisk har vore gjort for bygda, sa han, og nemnde mellom anna Ørsta kommune som stor pådrivar for å få realisert Kvivstunnelen og Leiratunnelen, og at dei også har beredskapsbåt på fjorden.

– Mykje meir kunne nok ha vore gjort, men her er også positive ting. Også når det gjeld turisme er Hjørundfjorden eit satsingsområde for Destinasjon Ålesund og Sunnmøre. Snakkar vi om å gå inn i Nordfjord vil eg tru at vi lettare vil falle mellom to stolar. Vi må bruke kreftene på å jobbe fram ting i fellesskap.

Seksjonsleiar tekniske tenester, Rolf Magnus Sundgot meiner samarbeid er nøkkelen.

– Får du kommunar og menneske til å samarbeide, spelar ikkje den grensa som går ved flyplassen så stor rolle. Vi kan dra parallellen til den maritime klynga på ytre søre. Der seier leiarane at dei samarbeider der dei kan, og konkurrerer der dei må. Eg opplever samarbeidet mellom Volda og Ørsta som godt. Eg har veldig tru på dette også framover, i vår felles bu- og arbeidsmarknad. Ørsta har kome seg ut av Robek, og kan i større grad no satse igjen.

Buplikt

Torbjørn Saure Hoel og Maria Nikkinen Rørstad ønskjer også eit større fokus på buplikta.

– Det er vanvitig viktig. De som politikarar og administrasjon har plikt til å sjå til at folk overheld buplikta. Her er sikkert tjue hus mellom Viddal og Bueide som folk kan flytte rett inn i. Det krev at de gjer dykkar plikt og seier at folk må bu der, og ikkje gi årelange dispensasjonar. De må sette hardt mot hardt. Her er mange flotte småbruk der det er lys i vindauga kanskje berre ei helg i månaden. Det handlar om at skal vi få eit miljø her, med nye unge som flyttar hit, må dei ha tilgang på bustader. Om ikkje politikarane tek ansvaret, kjem ikkje folk hit. Folk får kanskje ikkje mykje for å selje slektsgarden, men det er verdt mykje for dei som vil bu der, seier dei to.

Dei er glade for at samfunnsutvalet valde å legge møtet til Haukly.

– Dette var vår sjanse til å kome med innspel og synspunkt. Det vart ein lågare terskel for oss enn å møte opp på rådhuset i Ørsta. Så står det att å sjå om dei tek innspela våre på alvor. Vi håper kommunen klarer å legge eit godt grunnlag for oss. Dei må sjå alt i ein heilskap. Når dei legg til rette for utvikling, då kan vi også slutte å halde møte, seier Torbjørn Saure Hoel.