Bak ei gul dør har Sunniva Myrold (snart 23) fått si eiga romslege leilegheit i bygget kalla Dalevegen. Dette ligg like nedom legesenteret. Sunniva har drøymt om ein eigen heim i mange år. No har ho skapt ein lun og koseleg heim, innreidd etter hennar ønske. Og ho har fått bestemme innreiing og fargar i leilegheita som har to soverom, stove, kjøkkenkrok og eit romsleg bad.

– Eg likar meg godt her, og har kjekke naboar, fortel ei blid og stolt ung dame.

Sunniva er ein av seks som har flytta inn i dei splitter nye leilegheitene i Dalevegen på Bakk Ola-marka, bustader for unge med ekstra utfordringar i kvardagen. Dei seks som bur der er i alderen 18 til 26 år.

Før nybygget vart realisert, budde Sunniva kvar sjette veke i ei treningsleilegheit på Bakk Ola-marka, der ein fann både eldre og unge. No er det altså nye tider for dei unge.

Dei nye leilegheitene stod ferdige før jul og Sunniva Myrold flytta inn 5. januar. I andre høgda i bygget er der to avlastningsleilegheiter for barn og unge. Bygget er bemanna med åtte heiltidsstillingar og har «vaken» nattevakt.

Heiltidskultur

– Å ha heile stillingar syner ein heiltidskultur i praksis. Dette er i tråd med Ørsta kommune si satsing, der heile stillingar skal vere det normale. Det dreg med seg stabilitet og tryggleik, noko som er særleg viktig for relasjonane som vert bygde i Dalevegen, seier einingsleiar Guro Bakke Liaskar.

Ho er godt nøgd med nybygget.

– Det går veldig bra her og bebuarane likar seg godt. No er vi inne i ein fase med tilvenning, fortel Liaskar.

Dei første flytta inn 16. desember. Liaskar seier dei har fått ei fagleg sterk personalgruppe der gruppene vernepleiar, sosionom, barnevernspedagog og barnevernspedagog er representert.

– At fagkompetansen er høg, viser att. Og dette trengde vi, og dette er med på å auke fagkompetansen, seier Liaskar.

Dei tilsette driv miljøarbeid og mykje praktisk bistand. Deira jobb er å hjelpe bebuarane til å skape ein god kvardag med fokus på livskvalitet. Å bidra til meistring av kvardagslege ting er eit nøkkelord for dei tilsette.

Spennande

Liaskar synest det er spennande å vere med å forme ut ein arbeidsplass der alt er nytt.

– Brukarane og oss tilsette startar med blanke ark og vi får starte på nytt og forme ut alt, også nye rutinar for brukarar og tilsette, fortel einingelsiaren.

Dei seks unge som bur i underetasjen skal ha ei kjensle av å bu i ein eigen heim på linje med andre. Difor er det ikkje fellesareal i bygget for bebuarane. Avlastningsleilegheitene har derimot fellesareal og ein romsleg altan.

På dagtid går bebuarane anten på skule eller er i arbeid. Sunniva jobbar kvar dag i Furene, der ho driv med pakking. På fritida har ho ein full timeplan, og dette er ei ung kvinne som likar å vere i aktivitet.

– Eg går mykje på tur, også med ein hund eg får låne. Eg driv også med riding på Ytrestøylen og går på klubbkveldar på folkehøgskulen, fortel Sunniva som har mange faste avtalar og rutinar. Då Møre-Nytt er på besøk driv Sunniva og strikkar ein genser til kjærasten i Volda. På gjesterommet har ho eit enormt puslespel på 6000 brikker. Når det er ferdig, skal ho hengje det i stova.

Sunniva er fødd med Prader-Willis syndrom (PWS), eit sjeldan syndrom som er kjenneteikna av varierande grad av utviklingshemming og/eller lærevanskar, overvekt og ein karakteristisk utsjånad. Sunniva er ikkje utviklingshemma, og er ei oppegåande, kvikk og velfungerande dame. For henne handlar dei daglege utfordringane i stor grad om mat. Syndromet gjer at Sunniva har lyst på mat heile tida. Vert ikkje matinntaket hennar regulert, kan det gå gale. I leilegheita si har ho eit låst matrom.

Sunniva er ikkje så glad i vinteren, og no lengtar ho etter våren og dei varme dagane.

– Då skal eg bade - mykje, for det elskar eg, smiler Sunniva.

nye bustader: Dalevegen er namnet på dei seks bustadene for unge med ekstra utfordringar. Foto: Roy-Arne Folkestad
Leilegheit: Sunniva har innreidd leilegheita, og har fått seg ein koseleg heim. Foto: Roy-Arne Folkestad
avlasting: Einingsleiar Guro Bakke Liaskar er godt nøgd med Dalevegen. Her viser ho fellesarealet til avlastningsleilegheiteme. Foto: Roy-Arne Folkestad