Levekårsutvalet skal onsdag gjere vedtak om endringar i vedtektene for skulefritidsordninga (SFO) for å få på plass eit godt tilbod i feriane. Etter høyringsrunder, der mellom andre FAU ved Vikemarka skule og Velle skule har uttalt seg, kjem kommunen med eit justert framlegg.

Ferietilbodet om SFO vert i forslaget lagt til ein eller fleire av sentrumsskulane, dette vert vurdert etter etterspurnad, bemanning og lokala sin kapasitet. Det skal etter planen vere ferietilbod for haustferien, vinterferien, frå slutten av skuleåret og ut juni, i tillegg til frå og med 1. august og fram til kommunen sine utviklings- og planleggingsdagar.

Dei som vil nytte seg av ferie-SFO, søkjer om ferietilbod samstundes som dei søkjer ordinær SFO plass. Ein kan også søkje om ei rein ferieordning, om ein ynskjer det.

Det er mogleg å søke om SFO frå 10. mars. Fristen er 1. april.

Tilbod om ferie-SFO vert gitt i veker der det ikkje er open vanleg SFO. Forslaget inneber faste opningstider frå 0800-16.00. Det vert berre gitt tilbod om heil ferieordning 5 x 8 timar pr veke. Det vil føre til ein lik, ekstra kostnad for dei som ynskjer å nytte seg av tilbodet. I høyringsutkastet var det lagt opp til ferie-SFO med same tal timar som elevane har i løpet av ei skuleveke. Dette ville ikkje ha dekt inn heile veka, og foreldra hadde måtte kjøpe enkelttimar i tillegg, for å få veka til å gå opp. Dette har kommunen no endra.

Dei som har valt å betale SFO-plass med ferietilbod, kan nytte ferietilbodet i SFO fullt ut. Elevar som går ut av 4.klasse, kan nytte ferietilbodet ut juni månad. Ferietilbodet i august kan også nyttast av påmelde nye førsteklassingar. Born med særlege behov kan nytte heile ferietilbodet ut juni på 7. trinn.

Kommunen kjem med forslag om at ein legg på 600 kroner pr månad for dei borna som søkjer ferietilbod komande skuleår. Lønnsutgiftene åleine utgjer 515 kr av desse 600 kr, men det er ein del andre utgifter som skal dekkast, slik som vaktmeistertenester, reinhald, auka administrasjon av ei utvida ordning, straum og andre driftsutgifter. Med eit ferietilbod på inntil seks veker, vert dette ein kostnad i underkant av 1.000 kroner pr veke.

Innbetalte ”feriepengar” vert ikkje refundert om føresette seier opp SFO-plass i løpet av skuleåret.

Ein ser ikkje at dei tilsette vil ha kapasitet til å sørgje for mat til måltida med den bemanninga ein legg opp til. Ein føresetnad er dermed at borna har med matpakke i ferien. Ferie-SFO vil vere ei prøveordning skuleåret 2017/2018.