Det seier Torill Langlo, leiar i eldrerådet; utbyggjar og medlem i Bygg og anleggsgruppa, Roar Eiken og varaordførar Karen Høydal.

Den 29. mars inviterer Ørsta kommune til ein stor konferanse om utforming og planlegging av uteområde for born i alle aldrar. Det vil seie kva strategiar som skal finnast for å få universell utforming i materialval for leike- og treningsapparat, val av planter, møblering og gangstiar m.a. Og dette gjeld alle uteområde, om det er område ved skular og barnehagar, bustadområde, parkar og andre rekreasjonsområde. Det er foredragshaldarar frå staten, andre kommunar, fylkeskommunen og frå arkitektbransjen.

– Den overordna statlege målsetjinga er at Noreg skal vere universelt forma ut innan 2025. Dette er no nedfelt i mange lovverk. På konferansen håper vi å motivere alle partar i Ørsta til å kome i gang med dette arbeidet.

Utbyggjar og medlem i referansegruppa for Ørsta sentrum, Roar Eiken, er positiv til tiltaket.

– Det som er viktig er at krav til universell utforming vert med i planfasen så tidleg som mogleg. Då treng det ikkje medføre ekstrakostnader, seier Eiken. Han opplever at regelverket har vorte meir fleksibelt med åra.

– Då reglane om universell utforming fyrst kom, var det veldig strenge. Det er skilnad på å byggje ut i bratte område som her i Ørsta, og flate areal på Austlandet. Då må det vere rom for tilpassingar, også for utforminga av uteområda, seier Eiken, og understrekar at han stor forståing for kravet om tilgjenge for alle, seier Eiken.

Og nettopp tilgjenge for alle er ei viktig tilnærming, meiner leiar i eldrerådet, Torill Langlo.

– Vi veit at det vert stadig fleire eldre, og som har behov for å kome seg ut. Då må uteområda vere tilpassa for folk som både ser dårleg, høyrer dårleg og som har allergiar. Det er difor vi brukar uttrykket born i alle aldrar, seier Langlo.

Karen Høydal er overtydd om at godt forma ut uteområde vil kome Ørsta-samfunnet til gode.

– Til dømes for reiselivet. Vi veit at tilrettelegging av aktivitetar er viktig. Og med spennande parkar og uteområde vert det noko turistar vil finne attraktivt, seier Høydal.

Ho, Eiken og Langlo oppmodar folk om å melde seg på til konferansen 29. mars.

Kunnskap: Varaordførar Karen Høydal, Toril Langlo og utbyggjar Roar Eiken håper at både det offentlege og utbyggjarar får meir kunnskap om utforminga av uteområda i Ørsta. Foto: Rune Sæbønes