Det er Mørenett som har fått utarbeidd eit estimat for kva det vil koste å få ein ny straumkabel til Raudøya. Frå før har Mørenett søkt om løyve til å få avslutta leveringsplikta av straum til øya. Søknadshandsaminga hos NVE er utsett i påvente av høyring og ei synfaring.

Mørenett har fått rekna ut at det vil koste om lag 1,4 millionar kroner for å gje Raudøya ei ny straumforsyning etter at den eksisterande har kollapsa.

Ørsta kommune sin del av dette vert 500.000 kroner. Kommunen nyttar Raudøya til ungdomskuleelevar med behov for tilpassa opplæring.

– Vi ser ikkje at kommunen sitt behov for straum kan forsvare eit anleggsbidrag på den storleiken det her er snakk om, seier miljøvernrådgjevar i eit svar til NVE.

Han viser til at kommunen har aggregat, og at det dekkjer både noverande og framtidig straumbehov på øya.