Ungdomsrådet vil gjere sitt for å forhindre nettmobbing og mobbing i Ørsta. Og dei ønskjer å ha eit opplegg med ungdomane i skulen.

Planen er at eit par representantar frå ungdomsrådet, gjerne dei som går på skulen, skal orientere elevar om mobbing og korleis vi ligg an i Ørsta før elevane ser filmen « A girl like her», som handlar om ei jente som vert systematisk mobba og som endar opp med å forsøke å ta livet sitt.

Gruppearbeid

Etter filmen gjennomfører elevane eit gruppearbeid. Ungdomsrådet vil gjerne ha svar og løysningane til elevane for å jobbe vidare med. Korleis dette skal ordnast praktisk med kor mange som skal sjå filmen samtidig og slike ting må tilpassast på kvar skule, ut i frå kva som er mest praktisk, meiner rådet.

Vil nå alle

– Målet er at så mange som mogleg både på ungdomsskulane og dei vidaregåande skulane er med på dette, seier ungdomsrådet.

Dei har sett ned ei gruppe som skal lage ferdig opplegget, med både innleiing og spørsmål.

Seksjonsleiar for skule, Kirsti Øy Driveklepp vil fremje forslaget for rektorane