Ørsta og Volda kommunar er saman med Statens vegvesen i full gang med å planlegge ein bompengefinansiert samferdselspakke. Voldatunnelen og Ørstafjordkryssinga er dei berande prosjekta i pakken, men tanken er at han også skal finansiere ei rekke mindre vegprosjekt, som til dømes på Osbrua i Ørsta sentrum, flyplasskrysset og utbetringar i Volda sentrum.

Førre laurdag skreiv Møre-Nytt om den førebelse lista over tiltak i pakken. Utgangspunktet for denne lista er ein pakke på litt over 1,4 milliardar kroner. Det inkluderer Voldatunnelen (som skal delfinansierast gjennom bompengar), men berre eit forprosjekt til fem millionar kroner for Ørstafjordkryssinga. Eventuelle midlar til bygging av Ørstafjordkryssinga vil kome i tillegg.

Fryktar nedprioritering

Fleire i Ørsta formannskap uttrykte i førre veke bekymring for at Ørsta blir skvisa, og at hovudvekta av prosjekta kjem i Volda.

Paul Kristian Hovden, formannskapsmedlem og mangeårige forkjempar for Ørstafjordkryssinga, meiner den største faren er at Ørstafjordkryssinga blir nedprioritert som følgje av ein pakke med for mange prosjekt.

– For det første er vi nøydde til å verke klare på at staten må ta eit stort ansvar for dei store prosjekta – Ørstafjordkryssinga og Voldatunnelen. Vi kan ikkje basere desse på bompengar åleine, seier han.

For Voldatunnelen er det planlagt at 300 av 900 millionar kroner skal finansierast gjennombompengar. For Ørstafjordkryssinga er ikkje fordelinga bestemt.

– For det andre må vi vere svært klare på prioriteringane av dei andre prosjekta, og sjå desse opp mot dei store løfta. Kor mykje oppgradering av Osbrua treng vi når Ørstafjordkryssinga er der, og kor mykje treng vi eit nytt flyplasskryss når Torvmyrvegen blir lenga? Eg trur behovet for begge blir avgrensa. Om vi skal ta alt med i pakken, så endar vi opp anten med ei svært høg takst eller ei svært lang bompengeperiode.

– Må vere statleg

Hovden fryktar at ved å ta dei små prosjekta først, så blir konsekvensen at Ørstafjordkryssinga blir utsett endå lenger.

– Dersom vi klattar litt pengar på problema i sentrum, risikerer vi at vegvesenet blir endå meir motvillige til å gjere det som er naudsynt: å flytte gjennomgangstrafikken heilt ut av Ørsta sentrum.

Statens vegvesen er klare på at dei ikkje vil fokusere på Ørstafjordkryssinga før traseen for Hafast er klar. Denne vil avgjere om Ørstafjordkryssinga skal vere del av E39 eller bli planlagt som eit fylkesvegprosjekt.

– Tidlegare har vegvesenet sagt at Ørstafjordkryssinga er viktig, uavhengig av kvar E39 skal gå. Dette har dei snudd på no. Vi må jobbe for at Ørstafjordkryssinga skal vere eit statleg prosjekt. Om vi ho endar opp på fylkeskommunen sitt bord, fryktar eg for heile prosjektet, seier samferdselspolitikaren.

Fylkeskommunen har som kjent svært avgrensa med midlar til samferdselsutbygging, og brukar dei komande åra store summar på å bygge Nordøyvegen.

70 kroner

Paul Kristian Hovden ser føre seg eit tenkt scenario der bompengetaksten for passeringar i Ørsta og Volda er 70 kroner.

– Det trur eg er meir enn det dei fleste reknar med for ein bomring. Skal vi unngå for mykje bompengebetaling, må vi gjere tydelege prioriteringar tidleg, seier han.

Bompassering: Den no nedlagde bompengestasjonen ved Eiksundtunnelen.