Etter at det nye legesenteret med 20 omsorgsbustader og hjelpemiddellager står ferdig, meiner gruppa det vil verte ein unik sjanse, for låge meirkostnader, å få etablert base for heimebasert omsorg med kvardagsrehabiliteringsteam, helsestasjon med helsestasjon for ungdom, fysio- og ergoterapiteneste med frisklivssentral, kommunepsykolog og kommunelogoped i eit nytt helsehus ved å byggje om dagens helsesenter i Dalevegen.

– Denne organiseringa gir faglege og helsemessige gevinstar, seier prosjektleiar Gro Anita Bårdseth.

Prosjektgruppa, som har vore sett saman av Knut Åmås, Arne Gotteberg, Gro Anita Bårdseth, Kristin Vik og Inger Liadal, ønskjer å gjere området Bakk Ola-Marka til eit kraftsenter for den framtidige primærhelsetenesta i kommunen, primært for å sørve familiane, heimane og dei som bur i eigne bueiningar, men også for folk i krinsane slik at det er attraktivt å bu der lenger. At folk skal bu lenger i heimane sine og at meir helsehjelp skal ytast i kommunane er i tråd med statlege føringar.

Vert erstatta

– Bygdene misser legekontora, men for menneske som er lite mobile kan dette erstattast ved å opprette tverrfaglege primærhelseteam ute i krinsane. Legen, som skal ha tilsyn med institusjonane faste dagar pr. veke kan samtidig delta i teamarbeid rundt pasientar knytt til heimebaserte tenester i krinsen. I tillegg kan ein opprette andre tverrfaglege primærhelsegrupper og oppfølgingsgrupper til utsette og sårbare pasientgrupper og gode samhandlingsprosjekt, heilt i tråd med tilrådingane i stortingsmeldinga om framtidas primærhelseteneste.

Det seier kommuneoverlege Arne Gotteberg i prosjektgruppa som no har utarbeidd rapporten «Samhandlings- prosjektet helse og omsorg, Ørsta kommune». Denne handlar om samlokalisering av allmennlegetenester og kommunale helse og omsorgstenester.

Takka vere 450.000 kroner frå Helsedirektoratet har Ørsta kommune hatt gåande eit utviklingsarbeid der det handlar om kva ein kan få etablert i det nye, og gamle legesenteret som vert nabobygg og nye tverrfaglege samhandlingsmodellar. Bygginga av det nye legesenteret er godt i gang og skal vere ferdig til jul. Då kan ein få etablert viktige funksjonar i det gamle helsesenteret, og prosjektgruppa har foreslått tre ulike modellar for innhald. Prosjektgruppa sitt arbeid er gjort på bakgrunn av vedtak i kommunestyret.

Nedslite

– Det gamle helsesenterbygget er veldig nedslite og må uansett rehabiliterast. Dette er kommunestyret innforstått med. Det har kome pålegg frå Arbeidstilsynet når det gjeld helsestasjonen. Noko av dette er sett ”på vent” sidan vi kan få til noko nytt ut frå den samla planen som no er lagt fram. Det skal lite ekstra til økonomisk for å få dette til å bli ein viktig campus for den framtidige primærhelseteneste i Ørsta, seier Gotteberg.

Prosjektgruppa tenkjer, gjennom god og nær samhandling, å bruke personellgrupper på andre måtar enn før, og gjennom moderne AV-utstyr, videooverføring, helsenett, meldingsløftet og meir tenkjer dei å gjere samhandlinga med sjukehus og helsepersonell ute i krinsane mykje meir levande og effektivt enn tidlegare.

– Mange andre kommunar vil ”misunne” Ørsta for den moglegheita vi no har mellom anna ved å ha offentleg og privat helseteneste i same senter og på same lag til å ta eit samla steg inn i framtida.

– Når kommunestyret har sagt A ved å bygge nytt legesenter, og bede om utgreiing av bruken av det gamle helsesenteret, bør dei også seie B og ta steget heilt ut. Ørsta kommune kjem til å få ein betydeleg meirverdi til ein beskjeden meirkostnad, seier Gotteberg.

Prosjektgruppa meiner det viktigaste er at heimetenestene og heimsjukepleia, og lager for formidling av tekniske hjelpemiddel, kan flyttast til det gamle helsesenteret. Og at der kjem fysio- og ergoterapi med frisklivssentral og base for kvardagsrehabilitering og helsestasjon, også med helsestasjon for ungdom med kommunepsykolog. Alt dette tett inntil det nye legesenteret og daglegevakta.

– Styresmaktene tilrår sterkt eit styrka helsetilbod slik at fleire kan bu i eigen heim eller omsorgsbustad lenger, og at kommunane utviklar tverrfaglege tilbod til sårbare og utsette grupper. Meir helsehjelp skal ytast i kommunane. Myndigheitene seier at vi må gjer tinga på andre og smartare måtar enn før. Ved å satse på det gode grunnlaget vi har frå tidlegare og å vidareutvikle og koordinere moglegheitene, står Ørsta kommune no ved ei gyllen moglegheit til å møte framtida på ein god og kraftfull måte opp mot dei nasjonale og sentrale helseutfordringane, seier prosjektgruppa.

– Ved å flytte heimebasert omsorg frigjer det plass i tredje etasje på avdelinga Solkroken på Ørstaheimen, seier seksjonsleiar Inger Liadal. Ho ser føre seg at der kan etablerast pasientretta verksemd.

– Den nye organiseringa ser vi også i samanheng med drifta av Bakk Ola-marka, og utnytting av dagens kapasitet der, seier seksjonsleiar Kristin Vik.

Utvide

Prosjektgruppa finn at beste alternativ i eit helsefagleg og samfunnsøkonomisk perspektiv får ein ved utviding av andre høgda av det gamle helsesenteret og å avvikle tilfluktsrommet i bygget. Dette gir plass til alle ønska funksjonar og gir full funksjonalitet i bygningen.

Innspelet frå prosjektgruppa er grunnlag for eit forprosjekt som seinare skal handsamast politisk.

– Det nye legesenteret med omsorgsbustader er under rask utvikling. Det hastar difor å få avklart framtida og få ei prinsippavgjerd om det gamle helsesenteret, meiner Knut Åmås, Arne Gotteberg, Gro Anita Bårdseth, Kristin Vik og Inger Liadal.

Prosjektgruppe: Bak f.v: Knut Åmås, Arne Gotteberg, Gro Anita Bårdseth, Kristin Vik og Inger Liadal meiner Ørsta kommune no har ein unik sjanse til å skape noko som vil gi eit stort løft for helsesektoren. Foto: Roy-Arne Folkestad