– Opplyste leiaren i samfunnsutvalet at han for eit par år sidan, saman med to andre, kjøpte ein vesentleg del av Legene, mellom anna nær 20 dekar dyrkamark, grensande til noverande bustadområde? Er Inge Kolås den objektivt rette – frå sin strategiske posisjon som premissleverandør i samfunnsutvalet – til å forsere planarbeidet i dette området når han kan ha sterke personlege profittinteresser knytt til ei mogleg konvertering av dyrkamarka på Legene til bustadtomter? spør avsendaren.

Gild

Inge Kolås opplyser til Møre-Nytt at han allereie i fjor tok kontakt med rådmannen for å få vurdert gildskapen.

– Eg fekk opplyst at når det gjeld slike overordna planar, er eg ikkje ugild. Men når det vert snakk om detaljplanlegging vil eg heilt klart vere ugild, men dit er vi ikkje komne enno, seier Kolås.

Viktige spørsmål

I brevet vert det vist til ein avisartikkel med referat frå kommunestyremøtet i desember 2016. Der står det at «eit framlegg frå Inge Kolås (Frp), leiar i samfunnsutvalet, skapte mykje diskusjon».

– Lesarane får vita at framlegget hans «som samfunnsutvalet gjekk samrøystes inn for, foreslår mellom anna å forsere oppstarten for områdeplanane for Vartdal og Sæbø, i tillegg til planen for utviding av Legene bustadområde, til 2017.» Spørsmålet mitt er om ikkje dette burde ha skapt mykje meir diskusjon – og då av eit anna slag enn det som er nemnt i avisa.

Avsendaren viser til at det allereie i innkallinga til utvalet vert presisert at dei som meiner seg ugilde i sakshandsaminga, må seie ifrå.

– Det er ikkje alltid våre folkevalde er vakne når det gjeld gildskapsreglane, og eg lurer på om leiaren har opplyst om at han har kjøpt dette arealet på Legene. Dette reiser viktige prinsipielle, juridiske spørsmål som kommuneadministrasjonen må ta opp til avklaring. Dersom Kolås ikkje har nemnt dette for dei andre i samfunnsutvalet og for kommunestyret, har han då levd opp til det alvorlege ansvaret som kviler på ein folkevald i hans stilling? Og om han har nemnt det, kvifor vart han ikkje kjent ugild? spør brevskrivaren.

– Eg føler meg trygg på at eg har mitt på det reine her, svarar Kolås.