Med dei nye trafikktryggingstiltaka i Barstadvik har det mellom anna kome 50-sone gjennom sentrum, ved butikken og skulen. Denne er skilta rett, men nord og sør for 50-sona har skiltinga vore forvirrande i lang tid, ifølgje ein bilist som har sendt brev til Statens vegvesen.

– Der fartsgrensa er skilta 70, står det like etter eit busstopp at 60 er oppheva, skrev han.

Dette har no vorte retta opp, men skilta stod der lenge etter arbeidet i Barstadvik var fullført.

Bilisten meiner den rare skiltinga mellom anna skapte forvirring rundt vikeplikta for bussar som køyrer ut frå busslomma i sentrum. Det er som kjent vikeplikt for bussar til og med fartsgrense 60 km/t.

Det har også vore forvirrande skilting andre vegen, ifølgje bilisten. Det har vore skilta 70-sone mot Ørsta, der det skal vere 60-sone.

Skal rettast opp

Elisabeth Mansfield i Statens vegvesen stadfestar overfor Møre-Nytt at det har vore feil med skiltinga, og lovar at alt er retta eller blir retta snarast.

– Ja, vi har hatt to separate prosjekt gåande i Barstadvik. Vi vurderte å skilte ei 70-sone mot Ørsta, men bestemte oss for å behalde 60-sone, m.a. på grunn av kryssingspunktet på Lynge. Det vart likevel sett opp 70-skilt her, men dette var ein feil, seier ho.

Det oppheva 60-skiltet mot Festøya var også feilplassert.

– Det skal vere 70-sone frå opphevinga av 50-sona og eit stykke mot Festøya, seier Mansfield.

Rett eine vegen

Møre-Nytt var sjølve på staden tysdag ettermiddag, og då var noko av forvirringa retta opp. Det oppheva 60-skiltet mot Festøya var fjerna, men det er inga oppheving av 70-sona som startar etter Barstadvik sentrum. Statens vegvesen har tidlegare opplyst at 70-sona skal vare til dei siste avkøyrslane i Barstadvik er passert. Slik skiltinga er no, er det forvirring rundt om det er 70-sone eller 80-sone til Festøya.

I retning Ørsta er skiltinga no rett, slik at det er klart at det er 60-sone til forbi Lynge.