Ørsta kommune ved prosjektleiar Frank Flusund har i eit notat til oppdragsgivarar for bygginga av fleirbrukshallen lagt inn restriksjonar for anleggstrafikken.

Kaotisk

– Foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU) ved Velle skule hadde 14. februar møte saman med konstituerte rektorar, der trafikk- og parkeringssituasjonen ved skulen var ei av sakene. Skulen ser føre seg eit scenario der hyppig anleggstrafikk i samband med bygginga av fleirbrukshallen vil bidra til å belaste vegen forbi skulen ytterlegare, skriv Flusund.

FAU vurderer trafikksituasjonen ved skulen i dag som tidvis kaotisk.

– Skulebussar, privatbilar til foreldre og tilsette står i stampe, og parkeringsarealet er underdimensjonert, skriv FAU-medlem Richard Øyre til Flusund.

Trafikk- og parkeringssituasjonen ved skulen er også registrert som eit av avvika ved skulen etter tilsyn. Avviket skal verte lukka ved å mellom anna auke parkeringskapasiteten ved at kommunen løyser ut dei to bustadeigedomane ved krysset mot E39, og nytte eigedomane til parkeringsareal. Men kva tid dette er klart er framleis uvisst. FAU bed difor kommunen om at anleggstrafikken ikkje går forbi skulen i byggeperioden, og kommunen aksepterer dette.

Pålegg

– På bakgrunn av innspela frå FAU utfører oppdragsgivar tiltak for å unngå anleggstrafikk forbi Velle skule si innkøyring og busstopp. Dvs. strekninga på Anders Hovden-gata mellom krysset til E39 (ved Osbrua) og til kryssande Holmegata (ved Ørsta vidaregåande skule). Oppdragsgivar pålegg hermed at anleggstrafikk til og frå fleirbrukshalltomta (frå Volda) skal skje via rundkøyringa på E39 og inn langs Holmegata, skriv Flusund til oppdragsgivarane.

Tiltaket skal gjelde heile byggetida.