Kraftig snøfall dei siste dagane gjorde at Ørsta skisenter kunne opne torsdag kveld. Det var ifølgje skisenteret sjølv godt besøk på kveldskøyring.

Fredag er skisenteret ope på dagtid, og barnetrekket og t-trekket er i drift. Langrennsløypa til Åmskaret er også trakka.

Det er no 40 centimeter snø både i toppen og botnen av bakken. Det er fem minusgrader på toppen og tre minusgrader i botnen.

Snøfallet natt til fredag gjer at det er gode pudderforhold i dei ikkje-preparerte løypene.

Volda skisenter på Reset har opna familietrekket.