Planframlegget er utarbeidd av Statens vegvesen, og skal auke trafikktryggleiken på strekninga. Dette skal særleg gjerast ved å rette ut to kurver, utvide vegen og betre dei geometriske tilhøva for vegen. I tillegg er det planlagt å justere busslommene og avkøyrslene på strekninga.

Vegen er i dag 6,5-7 meter brei. Etter utbetringa skal vegen vere i samsvar med moderne europavegstandard, og vere 8,5 meter brei, inkludert vegskuldrer.

Hjorteproblem

Eit gardsbruk langs strekninga får ny avkøyrsle som svarar til dagens standard.

Det er gjennomført arkeologisk registrering i området, med funn av to automatisk freda kulturminne ved busslommene. Det må søkast dispensasjon for frigjevinga av dei delane av kulturminna som blir råka.

Oppgraderinga skal gjere sideareala til vegen meir oversiktlege, slik at problemet med hjortepåkøyrslar på Masdal skal bli mindre. Lyssetting av busstoppa skal også gjere hjorten lettare å sjå. Miljøvernrådgivaren i Ørsta kommune har spelt inn eit framlegg om veglys også utanfor busstopp. Statens vegvesen meiner ikkje problema med hjorten er så store at dette er naudsynt.

Eitt hus ligg i raud støysone ved vegstrekninga, og to ligg i gul sone. Her er det aktuelt å sette opp støyskjerming.

Masseoverskot

Det vil truleg bli eit stort masseoverskot i samband med utbetring av vegen, på om lag 18.000 kubikk matjord og vegetasjonsdekke, 28.000 kubikk jordmassar og 11500 kubikk myr. Statens vegvesen er i dialog med Ørsta kommune om korleis desse skal nyttast til samfunnsnyttige tiltak.

Etter godkjenning i Ørsta formannskap i førre veke, blir planen no lagt ut til offentleg ettersyn. Det betyr at alle har moglegheit til å gi innspel til vegvesenet sitt planframlegg.

Høyringsfristen er seks veker frå kunngjeringsdato. Sjølve utføringa av utbetringa av vegen er avhengig av kva tid staten gir midlar.

kurvar: Dei raude sirklane viser dei to mest problematisk kurvane som er planlagt utbetra. Foto: SVV