I eit brev til kontrollutvalet stiller dei fleire spørsmål ved handsaminga saka har hatt i samfunnsutvalet.

Mellom anna reagerer dei på at utvalet 31. januar i år null-stilte eit vedtak frå 3. januar grunngjeve med at utvalsmedlemene meinte at saka ikkje var godt nok opplyst. Eit anna vedtak, frå september 2016, vart ståande. Her kjem det framlegg om å vurdere fjernstyrt bom som eit trafikksikringstiltak for geila.

– Men kan ei sak som ikkje var godt nok opplyst i januar 2017 ha vore god nok til vedtak i september 2016? spør dei.

Vedtaket frå 3. januar sa m.a. at utvalet ønskjer at det vert innført 30 km sone i heile området, som eit mellombels tiltak, før nye samlevegar kjem på plass. Dei ville også ha vurdert fartshumpar, og flytting av skilta som markerer gjennomkøyring forbode.

Oppsitjarane stiller også spørsmål om gildskapen til utvalsmedlem Karl Asgeir Sæbønes. I mai 2016 var han med då samfunnsutvalet gjorde vedtak om å m.a. be administrasjonen i kommunen om å sende brev til oppsitjarar og grendeutvalet i området for å varsle om at kommunen vil vurdere tiltak for å sikre at trafikken i Osgeila er forsvarleg. Dei ville også ha opp skilt med «gangveg».

I seinare saker har Sæbønes meldt seg ugild, då nær slekt bur i området.

–Vi stiller spørsmål ved gildskapen hans ved handsaminga av saka i møtet i mai 2016, skriv Vatne og Ose.

Til slutt reagerer dei på møteforma i møtet 31. januar. Der bestemte utvalsleiar Inge Kolås at det skulle verte halde gruppemøte, og heile samfunnsutvalet forlèt møterommet og gjekk inn på eit anna rom for å diskutere saka. Fleire tilhøyrarar, i hovudsak oppsitjarar frå området ved Osgeila, vart sitjande att og vente i ein time på at samfunnsutvalet skulle komme tilbake.

– Det vart bestemt gruppemøte, men utan heimel i lovverket for å lukke møtet. På kva grunnlag kan samfunnsutvalet stenge publikum ute frå debatten som varte i ein time? Vi som oppsitjarar vart sittande og vente, og må lese i avisa kva som skjedde på møtet. Er dette rett politisk framgangsmåte, undrar dei.

– Det vart sagt i kommunestyremøtet 26. januar, då Osgeila vart drøfta, at snarvegar

ikkje løner seg. Det kan vi som har venta på ny veg sidan 70-talet vere samde i. Settekommunen får ei vanskeleg sak, men vi forventar at vedtaket frå 3. januar snarast vert vedteke på nytt medan vi ventar på ny veg, avsluttar Vatne og Ose brevet.

Det er nyleg kjent at Ulstein kommune tek på seg jobben om å vere settekommune i saka. Administrasjonen i Ørsta kommune er ugilde, då rådmannen bur i det aktuelle området.