Foreldreutvalet (FAU) har vurdert forslaget til nye SFO-vedtekter frå kommunen, der det er framlegg til endringar for skulefritidsordninga i feriane.

FAU etterlyser mellom anna kva veker det er planar om å ha ferie-SFO og kva opningstida skal vere. Vidare vert det peika på forslaga om prising.

I vedtektsforslaget er det lagt opp til at dei som betalar for ferie-SFO kan nytte SFO like mange timar per veke som elles i skuleåret.

– Dette er 22,5 timar per veke (4,5 timar om dagen). Har foreldra behov for fleire timar, må dei kjøpe enkelttimar, som i dag har ein sats på 75 kroner timen, heiter det i fråsegna, og FAU spør om kva prisen vert for foreldre som har behov for ein heil arbeidsdag.

– Litt av poenget med ferie-SFO er at foreldra må jobbe, og ønskjer ein trygg stad å vere for borna. Men vert dagane for korte på SFO, og foreldra må til å ordne pass og henting via andre, er vi tilbake til start, der foreldra heller vel «plan B», framfor å sende dei på SFO. I tillegg vert det dyrt å kjøpe desse ekstra enkelttimane. Har du betalt for 4,5 timar per dag, men skal jobbe ein heil dag, må du kjøpe 2–3 timar ekstra timar for kvar dag. På ei veke vert dette fort mykje pengar. På fleire veker vert det mykje ekstra – særleg for dei som har fleire born på SFO, heiter det.

Foreldra saknar også ei oversikt over kostnader/utgifter ved det kommunale SFO-tilbodet. Dei viser mellom anna til FFO- som no i vinterferien kom med tilbod til elevar til 1.000 kroner, som inkluderer mat, seks timar om dagen i ei skuleveke.

– Kvifor er dette tilbodet både betre og billegare enn det kommunen klarer å få til? undrar foreldra.

Foreldra finn fleire av dei andre forslaga urimelege. Det gjeld mellom anna fisten for oppseiing, som er sett til november året før.

– Det vert opplevd som noko firkanta og med urimelege fristar. Når det i tillegg viser seg at dei som betalar for ferie-SFO i løpet av året, også må betale for enkelttimar i ferievekene, ser vi ikkje at denne ordninga vil vere noko betre enn den som allereie er i dag, og som har vist seg å også fungere dårleg. Vi vil heller ha eit godt og gjennomarbeidd tilbod, enn eit forhasta som vi ikkje ser vil fungere.