I absolutte tal er veksten i Ørsta størst på Søre Sunnmøre. Kommunen vaks med 67 til 10.744 innbyggjarar. Volda vaks med 65 til 9.102 innbyggjarar. Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Prosentvis vaks Volda med på Søre Sunnmøre, med 0,7 prosent mot Ørsta sine 0,6 prosent.

Andre kommunar

På Ytre Søre Sunnmøre er det berre Ulstein som kan vise til vekst. Trass i nedgang i dei maritime næringa, klarte kommunen å karre seg til 27 fleire innbyggjarar i 2016. Kommunen har no 8.457 innbyggjarar.

Herøy hadde nedgang i folketalet i 2016. Det vart 15 færre innbyggjarar i kommunen, og folketalet er no 8.57. Hareid hadde også ein liten nedgang, på fire personar. Kommunen har no 5.185 innbyggjarar.

Sande fekk 19 færre innbyggjarar i 2016, og har no 2.540 innbyggjarar.

Vanylven hadde den største nedgangen i folketalet på Søre Sunnmøre, og gjekk ned med 53 til 3.203 innbyggjarar.

Stryn vaks med 50 innbyggjarar. Det er no 7.218 stryningar.

Eid vaks nesten like mykje, og gjekk opp med 49 til 6.064 innbyggjarar.

Hornindal gjekk ned med to til 1.198 innbyggjarar.

Ålesund vaks med 452 innbyggjarar til 37.199. Haram vaks prosentvis mest på Sunnmøre, med 1,2 prosent. Ålesund og Skodje vaks begge med 1 prosent.

Folketalet i Møre og Romsdal vaks med 984 innbyggjarar til 266.274. I heile landet vaks folketalet vaks med 44.300 i 2016. Det er no 5.258.000 innbyggjarar i landet. Alle landets fylke hadde folketalsvekst i 2016.

Sterkare vekst tidlegare år

Ørsta hadde ein noko sterkare vekst i 2015. Då vaks folketalet med 88 personar. Det er den sterkaste veksten kommunen har hatt dei siste fem åra. I 2014 var veksten 53 personar, i 2013 80 personar og i 2012 58 personar.

Volda vaks derimot sterkare i 2016 enn i 2015. Då var veksten her 60 personar. I 2014 var han 68 personar, i 2013 82 personar og i 2012 heile 134 personar.