Ørsta kommune har søkt dispensasjon frå reguleringsplanen for Nordre Vartdal i samband med at det skal opparbeidast turveg og uteområde ved Vartdal Helsetun.

Planarbeidet er i gang, og i dispensasjonssøknaden gjer avdelingsleiar for plan- og miljø i kommunen, Gunnar Wangen, det klart at tiltaket skal universelt utformast. Turvegen er teikna med 1,8 meters breidde. Lengda vert om lag seksti meter. Turvegen skal plasserast vestover utpå Hammaren.

Finansieringa er på plass då kommunestyret i desember sette av ein sum til turveg på uteområdet.

I tillegg til turvegen vil det kome rekkverk og lys på bakkenivå. I størst mogleg grad skal vegen verte tilpassa vegetasjonen.

På sikt kan der verte aktuelt med sitjegrupper, låg levegg/enkelt takoverbygg og eit leikeapparat for born.