Arbeidet som skal utførast gjeld reparasjon av botnplastring nedstraums Kvistad bru, reparasjon av botnplastring ved kulvert i innløpet til Moagrova, i tillegg til reparasjon av erosjonssikring i om lag seksti meters lengd på høgre elvekant ved Mo.

Dette går fram av eit brev NVE har sendt Ørsta kommune.

Arbeidet skal startast i løpet av denne veka og skal vere ferdig i april.

Ørsta kommune skal betale 20 prosent av kostnadene som dristriksdel medan NVE betalar resten. Kostnaden er kalkulert til i alt 317.500 kroner.

Det er områda Mo og Hustad på sørsida av Bondalselva at bustadhus og driftsbygningar kan stå i fare for å verte skadde av flaum.

Årsaka er at Bondalselva i dei store flaumperiodane har grave ut og øydelagt flaumførebygginga langs elva på Kvistad og Mo.

Dersom elva bryt elva igjennom førebygginga der, vil ho truleg ikkje finne inn att i elvelaupet før Bondalselva når sjøen ved Sæbø, har NVE slått fast.