Dette skriv Fylkesmannen i eit brev til Ørsta kommune.

Dermed er det sett endeleg punktum for den betente namnesaka i Barstadvik som ifølgje fleire har splitta bygda.

– I dette tilfellet er klagar usamd i sjølve valet av vegnamn. Vedtak om vegnamn er ikkje eit forhold det er klagerett på ifølgje matrikkelforskrifta. Kommunane sitt avvisingsvedtak er fatta på gyldig grunnlag. Då vilkåra for å avvise klaga er til stades, eksisterer det ikkje grunnlag for å realitetshandsame saka. Utover dette har Fylkesmannen ingen avgjerande merknader til den sakshandsamingsprosessen som har vore ført i høve vedtak om vegnamn.

Det seier direktør Helge Mogstad hos Fylkesmannen.

Han finn ikkje at kommunen sitt vedtak er i strid med matrikkellova og finn difor ikkje grunnlag for å endre kommunen sitt vedtak. Vedtaket er endeleg, og kan ikkje klagast på.

Motsetningar

Det er lenge mellom kvar gong ei namnesak i eit bygdelag vekkjer så store krefter og motsetnader som denne namnesaka i Barstadvik. Ei urneavstemming i regi av Barstadvik bygdeutval visste eit stort fleirtal for Vollevegen. Samtidig viste ei fråsegn frå oppsitjarane langs den aktuelle vegen at desse ønskjer namnet Molladalsvegen.

Saka har ført til at styret i Barstadvik bygdeutval har lagt ned utvalet på bakgrunn av den handsaminga vegnamnsaka i bygda har fått i kommunen. Vegsaka har vorte til stort ubehag for fleire, og fleire i bygdeutvalet skal ha vorte utsette for personangrep.

Bygdeutvalet tilrådde namnet Vollevegen på veg 216 i Barstadvik, og saka har gått fleire rundar i det politiske systemet før valet endeleg fall på Molladalsvegen.

Formannskapet har bestemt at vegen skal heite Molladalsvegen, medan levekårsutvalet to gonger sa at vegen skulle heite Vollevegen.

– I Vartdalssoga bind tre er der god dokumentasjon om namna Vollevegen og Erdalsvegen, som er bakgrunnen for fleirtalet i bygda sitt syn. Dette er dokumentasjon på at namna har levd på folkemunne i bygda i uminnelege tider. Det er synd at kommunen ikkje ser kor viktig det er å ta vare på desse namna vidare, skreiv bygdeutvalet i eit brev som var stila til ordførar Stein Aam.

– Vi ønskjer å informere ordføraren om at på bakgrunn av handsaminga vegnamnsaka har fått i kommunen, legg styret i Barstadvik bygdeutval ned verva sine, og per dato har ikkje bygda noko utval, melde dei til ordføraren.

Det vert peika på at bygda no har vorte splitta.

Dokumentasjon

Frode Sætre klaga inn vedtaket i kommunen. Han hevda at vedtaket vart gjort på grunnlag av manglande dokumentasjon og faktagrunnlag. Vidare hevda Sætre at eit fleirtal av oppsitjarane langs veg 216 ikkje ønskjer namnet Molladalsvegen. Kommunen avviste klaga frå Sætre.

Han klaga også på dette der han peika på at ein bør unngå fjellnamn i bygda, og at ikkje ale oppsitjarane langs veg 216 var høyrde i saka og at sakshandsaminga til kommunen hadde vore ubalansert, lite demokratisk og lite rettferdig. Formannskapet avviste også denne klaga og sende saka til Fylkesmannen.

I samband med Fylkesmannen si klagehandsaming tok imot dei i januar i år eit brev frå Wenche Flo. Der vert det i det vesentlege vist til at fleirtalet av oppsitjarane langs veg 216 ønskjer vegnamnet Molladalsvegen, og at det hadde vore stor tilslutnad om dette på eit bygdemøte.

No er saka altså endeleg avgjort. Og namnet for all framtid er Molladalsvegen.