– Veronica Maggio-konserten var ein stor suksess. Det var fullt hus med 550 personar inne på Rokken og svært bra trykk i lokalet, seier vekesjef Tormod Malvin Sæther til Møre-Nytt.

Vekerevyen vart framført allereie førre helg, men Veronica Maggio-konserten var det verkelege startskotet for årets utgåve av Veka.

Torsdag var det Vekemic, eit opplegg med open scene på Rokken, og fredag kveld spelte Valentourettes, eit hyllestband for Jørgen «Jokke» Nielsen.

– Det blir nok ein av konsertane i løpet av veka med flest publikummarar som ikkje er studentar og høgst snittalder blant publikum, sa Sæther fredag føremiddag, før konserten vart spelt.

I dag laurdag arrangerte Veka «Livleg Laurdag» på Volda Samfunnshus.

– Vi som er studentar er jo stort her i Volda i nokre år før vi reiser vidare, og mange har kanskje eit litt fjernt forhold til oss studentar. Difor ønskjer vi å gi noko tilbake til lokalsamfunnet i Volda, og kome tettare på miljøa utanfor høgskulen, seier Sæther.

Veka varer heilt til ut neste helg. I neste veke er det fleire konsertar på programmet: Sondre Lerche kjem onsdag, hip hop-duoen Arif og Unge Ferrari spelar fredag, «Elsa og Emilie» og Cinnamon City spelar laurdag.

– Arif og Unge Ferrari er nok den heitaste Hip Hop-gruppa i Noreg for tida, så det blir stas å få dei til Volda. Under «Elsa og Emilie»-konserten prøver vi for første gong å ha eit under 18-område på ein Veka-konsert. Vi håper at den konserten kan lokke mange 16- og 17-åringar i Volda, seier Sæther.

Publikum: God stemning under Veronica Maggio-konserten onsdag kveld. Foto: matias myklebust Foto: Matias Myklebust
Sjef: Vekesjef Tormod Malvin Sæther er godt nøgd med starten på årets utgåve av veka, og ser fram til den nesta veka med arrangement. foto: matias myklebust Foto: Matias Myklebust