– Den underliggande drifta i banken er historisk god, seier adm.dir. Stig Brautaset til Møre-Nytt.

Banken leverte eit konsernresultat på 91,8 mill. kroner i 2016, mot 33,1 mill. kroner året før.

– Vi har hatt eit sterkt fokus på å kostnadsreduksjon i 2016, og det har styrka resultatet, seier Brautaset.

Sparebank 1 Søre Sunnmøre har gjennomført nedbemanningar som del av kostnadsreduksjonen, og det vil bli færre tilsette også i tida framover.

– Det betyr ikkje at vi skal inn i nokon store nedbemanningsprosessar. Dette vil stort sett kome gjennom naturleg avgang.

Det har også kome vekst på inntektssida, og då først og fremst på personmarknaden. Utlånsveksten i privatmarknden i 2016 var på 7,2 prosent. Ein nedgang på 13,3 prosent i bedriftsmarknaden gjorde at den totale utlånsveksten enda på 3,3 prosent.

– Åtte av ti kroner vi lånar ut er på personmarknaden, så vekst her er klart viktigast for oss, seier Brautaset.

Banken har likevel gjort avsetningar for tap i 2016. Desse er først og fremst retta mot utlån i offshoremarknaden.

– Dette er ikkje faktiske tap, men tap vi har teke høgde for. Vi har utlån i offshorenæringa, men dei utgjer ein liten del av dei totale låna våre.

Framover er det vekst innanfor små og mellomstore verksemder som skal stå sentralt på bedriftsmarknaden.

– Vi vil i større grad jobbe med kjerneverksemda til banken, og er klare på at vi ikkje skal vere ein offshorebank. Vi skal vere ein bank for lokale privatpersonar, små og mellomstore bedrifter og nokre utvalde større verksemder, seier Brautaset.

Med kostnadskutta og omstillingane som vart gjennomført i 2016, bur Sparebank 1 Søre Sunnmøre seg på ny vekst i 2017.

– Vi tok eit lite kvileskjer i fjor. No er vi klare for ny vekst. Og det er nok på ytre søre vi ser det største potensialet. I Ørsta og Volda har vi ein svært høg marknadsdel allereie. I tillegg har vi rusta oss for framtida med ombygging av første etasje i Volda til ei ny og moderne innreiingsløysing. Å vere ein moderne bank skal ikkje berre vere noko vi snakkar om, det skal vise på oss også, seier Stig Brautaset.

Nyoppussa lokale, Sparebank 1 Søre SUnnmøre i Volda. Foto: Marius Myklebust