«Hvilken kommer først?» spør Flyviking, og publiserer ei lista over moglege ruter på Facebook-sida si. Ei av dei er Hovden-Oslo.

Etter at ruta vart kommersialisert 1. april i fjor, kan alle flyselskap i utgangspunktet flyge mellom Hovden og Oslo.

Tidlegare har viseadministrerande direktør Svein A. Eriksen sagt til Møre-Nytt at Hovden er «veldig interessant», og at dei vil vurdere å flyge til og frå lufthamna.

– No i starten vil vi flyge to-tre ruter nær hovudbasen vår i Tromsø, men etter kvart vil vi vurdere fleire ruter. Vi har god dialog med miljøet tilknytt Ørsta-Volda lufthamn, sa Eriksen i oktober i fjor.

Ruter frå Tromsø

No er billettsalet i gang, og 27. mars planlegg Flyviking oppstart av ruter mellom Hammerfest, Tromsø og Bodø. 18. april kjem også Svolvær inn på rutekartet til Flyviking.

Det er førebels uklart kva tid rutekartet blir utvida, og kva ruter som då står for tur. Ei rekkje ruter er nemnde på Facebook-sida. På Vestlandet er det snakk om Hovden Oslo, Florø-Oslo og Florø-Bergen. Gründer Ola Giæver jr. seier til NRK at ikkje alle rutene på Facebook-lista blir starta, men at dei er moglege ruter.

Sette ned prisane

Ifølgje nettstaden iFinnmark sette Widerøe ned prisane på billettane mellom Hammerfest og Tromsø etter at Flyviking starta sitt billettsal. Widerøe seier på si side at dette vart gjort i samband med ein normal salskampanje.

Flyparken til Flyviking består i dag av to flygemaskinar av typen Dash 8-100, same flytype som Widerøe brukar på Hovden. I løpet av våren blir ytterlegare tre Dash 8-fly levert til selskapet, opplyser Flyviking. Ifølgje Nordlys har selskapet leasingavtale på inntil 19 fly. Flya blir heilt overhalte i Kanada før dei kjem til Noreg.

Flyviking er prosjektet til den tidlegare Widerøe-kapteinen Ola Giæver jr. Tromsøværingen måtte slutte i Widerøe etter ein arbeidskonflikt, og har lenge jobba med planane om å starte eige flyselskap. No er godkjenninga frå Luftfartstilsynet på plass, og det er altså klart for dei første rutene.

monopoL: Widerøe har i dag eit de facto monopol på flyging til og frå Ørsta Volda lufthamn, Hovden. Men alle flyselskap kan starte opp flyging mellom Hovden og Oslo om dei vil. Foto: Kjell Arne Steinsvik