– Eg har vore i Vartdal heile livet, og det er den einaste klubben for meg. I tillegg tykkjer eg det er kjekt å vere trenar. Eg har hatt ansvaret for gutelaget i eit par år og det har gitt meirsmak. Eg fekk ein førespurnad om trenarjobben, hadde tillit i styret og blant ein del av spelarane eg snakka med, og difor takka eg ja, seier Fiksdal som var kaptein for Vartdal i fjor.

Resultatmessig har det ikkje gått Vartdal sin veg dei to siste sesongane. I 2015 vart det nedrykk frå 4. divisjon, og i fjor vart det nedrykk frå 5. divisjon.

– Vi har gjennomført ei spelarevaluering før vi kom i gang, og det er viktig for oss å få nok folk på trening slik at vi har det kjekt og har god nok kvalitet på det vi driv med. Får vi trent godt så kjem også resultata i kamp. Vi har omtrent same spelargruppa som det året vi rykka opp frå 5.- til 4. divisjon. Då var det positivitet, det var kjekt og det var stong inn. I fjor var vi eigentleg for gode til å rykke ned, men vi tok med oss stong ut som vi hadde i 4. divisjon. Målet mitt er at vi skal finne tilbake til den gode kjensla i år, og vi skal ha det kjekt med å spele fotball for Vartdal.

Vartdal starta sesongoppkøyringa i starten av februar og trenar både i VD-hallen og kunstgrasbana i Hovdebygda. Den første treningskampen er planlagt mot MSIL komande veke. I tillegg er det planlagt treningskampar mot Hovdebygda, Åmdal og Sæbø. I 6. divisjon avdeling to vert det lokaloppgjer både mot Åmdal og Sæbø denne sesongen, i tillegg til motstandarar som Vartdal ikkje har møtt på ei stund.

– Vonleg får vi spele på Nye Høddvoll mot Hødd 3, og det trur eg er noko som spelarane gler seg til. Eg trur at vi skal bite godt frå oss i 6. divisjon, og vi satsar på å få ein god start og godt trykk utover vårsesongen. Eg trur og at mange av spelarane er letta over at vi kom i den avdelinga som no er i, seier Fiksdal.

Spelargruppa til Vartdal er stort sett den same som i fjor. Sindre Løfoll er ein ny tilkomst frå Austefjord, og i tillegg er det unge spelarar som tek steg opp på a-laget.

– Vi vonar å få på plass eit par spelarar til, men vi slit litt med at det er nærare frå sentrumskjernen til Åmdal og Hovdebygda. Vi har ei fin spelargruppe, men vi skulle gjere ha vore fleire.