Det hjartesukket kom frå rådmann Wenche Solheim då formannskapet tysdag vedtok å leggje ut ein reguleringsplan for m.a. bustader for området B5 Ryste.

Rådmannen reagerte på at det for nokre bustadblokker tilsynelatande ikkje var teke omsyn til behovet for sollys.

– Det kan verke som om det er lagt opp til at det berre er mogleg å få sol på balkongen to timar om sommaren, sa Solheim.

Jostein Mo (Ap) meinte det var eit generelt problem at byggherrane tek for lite omsyn til behovet for sollys.

– Vi som er «urinnvånarar» i Mosmarka, har merka utviklinga dei siste åra. Der er mange hus feilplasserte. Det kan verke som om dei er bygt for å unngå sollys, sa Mo.

Under handsaminga kom det også fram synspunkt på fartsgrensa forbi Rystefeltet på E39.

– Ho er 70 km/t, men burde ha vore 50 km/t, sa Gunnar Knutsen.

– Vi har prøvd å gjere vegvesenet merksam på dette, men det vert vist til eit strengt regelverk for fastsetjing av fartsgrenser, sa ordførar Stein Aam.