- Ved inngangen til første vinterferieveke er vatna i fjellet stort sett farbare, men ver særleg merksame på stadar der vatn strøymer under isen, slik som innløp, utløp og i tronge sund med gjennomstrøyming, skriv NVE i ei pressemelding.

Dei oppmodar også folk om å tenke på eiga sikkerheit om dei har planar om å krysse eit vatn.

- Kasteline, ispiggar og tørre kle i sekken er enkle ting som er avgjerande for å overleve om du går gjennom isen.

På Nordvestlandet melder dei at dei fleste vatna har fått farbar is, mens det på vestlandskysten enno er tynt.

- Der isen er tjukk nok har det vore flotte skøyteforhold, men dette kan endre seg raskt om det kjem snø og regn.

- Er du i tvil, stopp og undersøk kor tjukk isen er før du går ut på vatnet, oppmodar Ånund Kvambekk som er isvarslar ved NVE.

Han legg til at på Vestlandet må ein opp i 300-400 moh før mange små vatn er farbare. Dei største og djupaste vatna har enno isfrie parti, også i fjellet.

Inn i vinterferieveka er det venta mildvêr og regn frå Rogaland til Trøndelag, og isen vil verte svekka under 400-700 moh. Mot slutten av veka kan det sjå ut til at temperaturane fell i heile landet, og isen i låglandet vil verte styrka.