Det kom fram då formannskapet tysdag lausleg drøfta dei store vegsakene Ørsta er involverte i for tida. I hovudsak handlar dette om den felles bompengepakken mellom Ørsta, Volda og Statens vegvesen. Føremålet med denne er å få løyst viktige vegprosjekt i regionen, i samband med at Voldatunnelen skal byggjast.

Aam har siste vekene delteke på tre møte om vegsatsingane i regionen. Han har fått nokre klargjeringar. Det eine er at dei store fjordkryssingane, over Vartdalsfjorden og over Breisundet, ikkje vert vedteke før det er klarlagt om og kvar det er mogleg å krysse desse fjordane med bruer.

– Vidare er det Torvmyrvegen, og korleis vi skal gå fram der. Statens vegvesen er heilt klare på at denne vegen er ei kommunal sak, og at Ørsta og Volda sjølve må stå for planlegginga av denne, og køyre ein plan parallelt fram saman med dei planane vegvesenet har ansvaret for, sa Aam.

Utfordringa for Ørsta-politikarane er no å få klargjort og aksept for kva som skal inn i bompengepakken. Det vert eit løp i samråd med Volda kommune og vegvesenet.

Gunnar Knutsen (V) stilte seg undrande til at vegvesenet også vil ha med prosjekt som Flyplasskrysset og Osbrua i ein vegpakke.

– Har ikkje vegvesenet eit sjølvstendig ansvar her. Dette er jo ein del av E39, sa Knutsen.

Han fekk forståing frå rådmannen.

– Men vert vi ikkje med på ein pakke der bompengar er ein del, vil dei statlege midlane reise andre stader, insisterte rådmannen.

Varaordførar Karen Høydal peika på kva utfordringar Ørsta sentrum har og vil få.

– Når Voldatunnelen er ferdig bygt, er det venta at Ørsta sentrum vil ha ein årsdøgntrafikk på 12.500 bilar. Det er langt meir enn Volda sentrum vil ha. Viss vi ikkje får oppgradert flaskehalsane langs E39, vil trafikken verte ståande fast i Ørsta sentrum, sa Høydal. Ho understreka at premissen for heile vegpakken, er at Voldatunnelen kjem med i NTP til våren.

Paul Kristian Hovden (KrF) reagerte på at signala for Ørstafjordkryssinga er at dei skal kome i ein fase 2.

– Det er ikkje nye tankar at vegvesenet kjem med dette. Eg reagerer då på at ein stor del av pakken skal vere Volda-prosjekt i fyrste fase, sa Hovden.

– Der etter kan vi dimensjonere lokaltrafikken. Med ei ytre fjordkryssing vert t.d. behova for Osbrua annleis, sa Hovden.

Hans Olav Myklebust (Frp) var klar på kva han vil prioritere i ein vegpakke.

– Det er Torvmyrvegen, Voldatunnelen og Ørstafjordkryssinga. Eg reagerer dessutan på at på grunn av at staten ikkje har følgt opp ansvaret sitt med å vedlikehalde standarden, vil staten då i staden velte kostnadene over innbyggjarane her. At vi her vert bedne om å ta med masse prosjekt grunna staten si manglande evne til å ta ansvar, skurrar i hovudet mitt, sa Myklebust.

Per Are Sørheim (H) påpeikte at alt som har kome til no, er forhandlingsutspel.

– Ting som går langs E39 bør vegvesenet betale sjølve. Dette vert veldig feil. Vi treng Osbrua, flyplasskryss og miljøgate. No vert alt liggjande i ein stor bolk knytt til Voldatunnelen. Eg reagerer også på at Volda held så hardt på opprusting av ferjekai-området, som like mykje hamnar om hamneforholda i Volda. Det kan hende Torvmyrvegen kostar mykje. Det kan også verte dyrt med rundkøyring i flyplasskrysset. Eg er ikkje sikker på at Torvmyrvegen vert dyrare kombinert med eit enkelt kryss, sa Sørheim.

I formannskapet var det semje om å ta saka opp til brei drøfting i kommunestyret.

uroa: Paul Kristian Hovden er uroa for framdrifta av Ørstafjordkryssinga. Foto: Rune Sæbønes