Utforminga av bompengepakken er eit samarbeid mellom Statens vegvesen, Ørsta kommune og Volda kommune. Arbeidet med å lage eit forslag til kva prosjekt som skal inn i pakken blir leia av ei styringsgruppe med representantar frå begge kommunane og Statens vegvesen.

Arbeidet er ikkje fullført, men Møre-Nytt har fått tilgang til ei førebels prosjektportefølje for bompengepakken. Statens vegvesen presiserer overfor Møre-Nytt at denne lista er svært førebels, at det ikkje er gjort endelege prioriteringar av prosjekt og at lista ikkje er uttømmande. Desse prosjekta er med i den førebelse prosjektporteføljen:

E39 Voldatunnelen, Rotset-Furene. Kostnaden er rekna til 900 millionar kroner, der det hittil har kome fram at 300 mill. kroner skal finansierast med bompengar.

Ørstafjordkryssinga (forprosjekt). Ørstafjordkryssinga er meint å vere hovudprosjektet i ein fase to av bompengepakken, medan Voldatunnelen er hovudprosjekt i fase ein. Forprosjektet skal koste fem mill. kr.

E39 kryssutbetring Klippa/Pleieheimen (Volda). Kostnad 10 mill. kr.

E39 Ørsta sentrum. Miljøpakke 1 med fleire tiltak. Kostnad 50 mill. kr.

E39 Ørsta sentrum, Osbrua. Utvida køyrebane, gang og sykkelveg på begge sider. Del av miljøpakke 1. Kostnad 50 mill. kr.

E39 Ørsta sentrum, kryss E39/Melsvegen. Del av miljøpakke 1. Kostnad 15 mill. kr.

E39 Volda sentrum, Miljøpakke 1, miljøgateprofil i sentrum. Kostnad 25 mill. kr.

Volda sentrum, ny ferjekai. Kostnad 110 mill. kr. Del av miljøpakke 1.

E39 Volda sentrum, passeringslomme ved Volda ferjekai. Kostnad 5 mill. kr. Del av miljøpakke 1.

Flyplasskrysset, Hovdebygda. omlegging til rundkøyring. Kostnad 100 mill. kr.

Diverse kollektivtiltak. Kostnad 4 mill. kr (2 i kvar kommune).

Torvmyrvegen, lenging til Furene. Kostnad 100 mill. kr.

Miljøpakke 2 Volda. Ny bru og utretting av E39 i Elvadalen.

Gang- og sykkelveg på nordsida av E39 mellom Ose camping og Industriveg-krysset i Ørsta/Hovdebygda.

Alle prosjekta, inkludert Voldatunnelen og forprosjekt på Ørstafjordkryssinga, er kostnadsrekna til 1439 mill. kr.

Tilleggsprosjekt

I tillegg er det nokre prosjekt som er tekne med som prosjekt som kan kome med dersom det kjem meir pengar på bordet. Desse er:

Gang- og sykkelveg Volda sentrum – Klippa. Kostnad 5 mill. kr.

Omlegging av kryss E39/Industrivegen i Ørsta. Kostnad 25 mill. kr.

Gang- og sykkelveg på nordsida av E39, Åsen-Hovdebygda. Kostnad 35 mill. kr.

Omlegging av kryss, utbetring av busslomme og gang- og sykkelveg på nordsida på E39 ved Ose camping. Kostnad 25 mill kr.

Gang- og sykkelveg, undergang og busslomme på Rysteflata. Kostnad 30 mill. kr.

Desse tilleggsprosjekta har ein samla kostnad på 120 mill. kr.