Undertøy.

– Det er så utruleg viktig at du har undertøy som passar kroppen din. Det finst like mange kroppar som det finst puppar og BH-ar.

Marianne Helseth og Anne Katrin Aambø ved Fasaden Frisør & Parfymeri snakkar om BH-ar som andre snakkar om kva dei skal ha til middag. Det er ein grunn til det. Dei har gått kurs for å lære om det. Dei er sertifiserte i undertøy. Likevel er undertøysavdelinga ved Fasaden på Ørsta Torg ein nokså diskret og løyndomsfull affære.

– Her er ikkje kø akkurat, og det er faktisk heilt greitt. Folk skal ikkje føle at dei står i kø når dei er ute for å kjøpe undertøy. Men at fleire kan vite om oss, det vil vi gjerne, for rett undertøy kan gjere underverk. Her er det snakk om gode helseeffektar, insisterer dei to ekspertane, mens dei viser fram BH-ar og truser med ulike passformer, ulike funksjonar og ulike fargar. Blonder, smykke, breie stropper, smale stropper, stroppelaust, stringtruser og hold-in.

Eksklusivt

Dei har satsa på fire eksklusive merker av god kvalitet, og er einaste butikken dei veit om mellom Ålesund og Bergen som driv på med dette.

– Mange sel undertøy, men alle har kanskje ikkje same kompetansen eller dei same merkevarene som vi sit på.

Dei har ikkje stor plass, men gjer det beste ut av den plassen dei har. Dei prøver alltid å ha basissortementet inne, og supplerer etter ønske og behov.

– Målet er at alle som kjem innom skal finne noko som passar til deira kropp. Det er viktig at alle føler at her er noko til dei, anten dei er store, små eller middels i storleik.

Og dei tilsette står klare til å hjelpe.

–Mange trur at dei må blottstille seg for oss, men slik er det ikkje. Det vi kan hjelpe til med er å ta mål og tilpasse undertøyet. Det er veldig viktig at ting sit som det skal, for viss ikkje kan mange verte skuffa når dei kjem heim. Ein rett BH kan verke både slankande og også avlaste skuldrene om han sit rett på. I tillegg har vi teieplikt, så folk skal ikkje vere redde for å kome innom, forsikrar dei.

Etterspurd

– Då vi opna var det fordi vi såg at dette var eit tilbod som mangla i området, og det ser ut til at vi har hatt rett i det. Kundane kjem frå heile regionen, og har auka på sidan vi opna for tre år sidan.

Også utvalet har vorte større, og badetøy er også ein viktig del av sortimentet, også her i alle storleikar og fasongar.

– Vi har nok flest vaksne kvinner som kundar, men vi har noko for alle, seier Helseth.