Det seier lærar Jarle Bae etter at Åmås friskule inviterte Ørsta opplæringssenter til internasjonalt treff måndag denne veka. Det var Bae som tok initiativ til invitasjonen, og understrekar at elevane har godt av å treffe menneske med ulike bakgrunn.

– Kvar onsdag har vi nyheitsformidling i samfunnsfagstimane. Her har elevane med seg tre nyheiter kvar, ei lokal-, ei riks- og ei utanriksnyheit. Elevane stiller spørsmål kring sakene. Nyheitsbiletet som vi har i dag kan vere vanskeleg å fatte, og spesielt det som skjer utanriks og kring flyktningsproblematikken. Dette blir meir forståeleg og angripeleg når du treff folk som er råka av det, seier Bae.

Med vitjing frå Ørsta opplæringssenter vart det ein annleis samfunnsfagstime måndag. Elevane frå Ørsta opplæringssenter hadde planlagt framføringar av sine historier, og ifølgje Bae var det mange store auge å sjå blant elevane ved friskulen.

– Ved Ørsta opplæringssenter er det folk frå m.a. Australia, Thailand og det er ikkje berre flyktningar. Alle har ei historie å fortelje. Vi delte elevane inn i to grupper og vi fekk høyrer historie om reiserute, korleis dei var møtt då dei kom til Noreg og korleis dei har det i Volda og Ørsta i dag. Det vart eit sterkt møte.

Elevane ved Ørsta opplæringssenter skulle og få oppleve norsk skule og skulekultur.

– Her fekk dei kome til ein gammal skule med mykje kultur i veggane, og vi prøvde å ta dei med inn i ein vanleg skulekvardag. I det eine klasserommet vart det brøkrekning med våre gjestar som assistentar. Det var ein situasjon der kommunikasjonen flaut naturleg, og det var veldig flott å sjå.

Ein fast tradisjon ved Åmås friskule er månadsquiz.

– Her er det tema knytt til samfunnsfag, natur og miljø og andre fag vi har vore innom den siste månaden. Gjestane vår frå opplæringssenteret vart med på elevlaga, og dei gjekk inn i quizen med liv og lyst. Det heile vart eit spennande møte både for oss og dei, seier Bae.

Det var og omvising på Åmås friskule før det vart servering av sjokoladekake og kulturkjellar.

– Kulturkjellar eller skulemøte er eit fast innslag kvar måndag, og då er heile skulen samla i ein time. Her fekk gjestane våre oppleve eit elevråd i sving, og det vart diskutert ei sak om leik på uteområdet. I tillegg måtte vi sjølvsagt synge litt for gjestane våre. Skulesongen vår, som elevane har vore med på å lage, vart framført, i tillegg til nokre songar til. Det var fantastisk god stemning, og både ungane og gjesta storkosa seg.

No ligg det an til at det kan bli fleire besøk på Åmås friskule for Ørsta opplæringssenter.

– Dette vart så vellukka at vi skal ta det att, i tillegg til at vi vitjar opplæringssenteret. Så får sjå korleis det naturleg utviklar seg vidare, seier Bae.