Det stadfestar assisterande rådmann i Ulstein kommune, Arne Runar Vik, i ein e-post til Ørsta kommune.

– Vi ser føre oss at avdelingsleiar for anlegg og drift, Odd Kåre Wiik, og avdelings- ingeniør Vegard Ertesvåg samarbeider om framlegg til løysingar og saksutgreiing. Underteikna vil vere med på oppstartsmøte med Ørsta kommune, inkludert overlevering av relevant dokumentasjon og synfaring på staden. Så vil fagfolka våre gjere den konkrete jobben vidare, skriv Vik.

Stabsleiar for plan- og utviklingsstaben i Ørsta kommune, Eldar Øye, skriv i ein e-post til Vik at oppdraget er å følge opp samfunnsutvalet sitt vedtak av 31. januar, der det vart bestemt at ein settekommune skal gå gjennom heile Osgeil-saka på grunnlag av tilgjengeleg dokumentasjon. Oppdraget gjeld mellombelse tiltak knytt til skiltplan og trafikktrygging i Osgeila, i påvente av at samlevegen for området vert bygd.

Ørsta kommune treng settekommune i saka fordi rådmannen bur i det aktuelle området, og dermed gjer heile administrasjonen i Ørsta kommune ugild i saka.