I desember 2014 tok eit sameige i Volda ut stemning mot ein mann som eig to av tretten seksjonar i sameiget, og kravde at dei to leilegheitene vart tvangsselt. Bakgrunnen for at sameiget gjorde dette var at mannen ikkje var punktleg med sine innbetalingar av felleskostnader. Styreleiaren i sameiget sende i mars 2013 ut purring på forfalne felleskostander for første halvår 2013, og i juli 2013 vart ny purring for første og andre halvår sendt ut. Samla var summen 44.091 kroner.

1. august 2013 gjorde styret i sameiget vedtak om å pålegge mannen å selje sine to seksjonar, og salspålegg vart sendt via advokat i oktober 2013. I januar 2014 betalte mannen inn 44.000 kroner til sameige sin konto, men saka hamna til slutt i Søre Sunnmøre tingrett. 15. september i 2015 avsa tingrett sin dom og kravet om tvangssal vart ikkje teke til følgje.

Etter at dommen var avsagt var mannen igjen sein med innbetaling av felleskostander. Sameige sende to purringar og eit varsel om inkasso på felleskostander frå juli til september i 2016, og mannen betalte 18. oktober 2016. I tillegg anka sameige dommen frå Søre Sunnmøre tingrett til Frostating lagmannsrett. Sameiget la ned påstand om at dei to seksjonane til mannen skulle bli selt på tvangsauksjon, medan mannen la ned påstand om at anka skulle forkastast.

Lagmannsretten har peika på at mannen ikkje gjorde opp for seg før ti og seks månader etter forfall. Retten meiner at dette er eit betydeleg misleghald både sett hen til storleiken på beløpa og varigheita av misleghaldet. Det vert og peika på at det nye misleghaldet viser at mannen ikkje endra åtferd. Etter ei samla vurdering kom lagmannsretten fram til at det var eit vesentleg misleghald i denne saka, og at anka til sameiget førte fram. Dermed vert mannen fråteken eigedomsretten til sine to seksjonar.

– Det kan ikkje krevjast at eit sameige skal stå i ein vedvarande konflikt med ein sameigar for å inndrive dei løpande krav på felleskostander, heiter det i dommen frå lagmannsretten.

Lagmannsretten tilkjente ikkje sakskostnader i denne saka. Mannen kan anke saka vidare til Høgsterett.