– Vi er svært godt nøgde med 2017, seier administrerande direktør Ivar Sandnes.

Møbelverksemda i Ørsta leverer utelukkande til kontraktsmarknaden. Det vil seie offentlege miljø, der både privat og offentleg næringsliv er kundar. Særleg i det private har det vore tøffe tider i Noreg siste åra, men det har ikkje påverka salskurva til Fora Form.

– Vi har sjølvsagt merka nedgangen i offshorenæringa, for vi har vore sterke i Stavanger- og Bergen-området. Likevel har det vore vekst i dei andre marknadene i Noreg, og det er i hovudsak innanlands vi har hatt veksten, fortel Sandnes.

Kulturvekst

Eit av Fora Form sine satsingsområde er leveransar til auditorium, kinoar og kulturhus. Her har veksten vore på heile 46 prosent. For standard kolleksjonar har veksten vore på fem prosent.

Samla var omsetninga til Fora Form på 159,3 millionar kroner i 2016, mot 137,1 millionar i 2015. Resultatet auka altså frå tre millionar kroner i 2015 til åtte millionar kroner i 2016.

– Sjølv om vi er størst innanlands, opplever vi også vekst i Sverige og Japan. Vi er førebels små i Sverige, men det er ein marknad vi vil prioritere, seier Sandnes.

Stockholmsmessa

Nyleg var Fora Form representert på Stockholmsmessa. Det er den viktigaste møbelmessa i Norden.

– Tidlegare var det også messer oi Oslo og København, men no er alt konsentrert om Stockholm. I år presenterte vi fleire nyhende, og vi opplevde at produkta våre vart godt mottekne, seier Sandnes.

På ei slik messe er det ikkje sal, men det vert bygt kontaktar med kundar.

– No er det viktig å følgje opp den interessa vi møtte, seier Sandnes.

Gardermoen

Ei av dei store einskildkontraktane Fora Form har hatt, har vore leveransen av totalt 2.000 sitjeplassar til Oslo lufthamn, Gardermoen. Dei leveransane var i hovudsak i fjor.

– Men vi har no teikna ein ny kontrakt med OSL som går på leveransar av nye møblar og vedlikehald av møblar vi tidlegare levert. Denne avtalen skal gjelde over fire år, fortel Sandnes.

Av andre spesielle kontraktar er ein leveranse til Coloseum kino i Oslo. Dette er Noreg sin mest vidgjetne kinosal, som er under fornying – og kinosalen vil då få møblar frå Ørsta.

– Starten på 2017 har elles vore roleg. Det er likevel ikkje slik at vi kjenner noko uro. I kontraktsbransjen er det store sesongvariasjonar, og det er ikkje uvanleg at det no er stille, seier Sandnes.

Formgjeving

Fora Form satsar mykje på formgjeving, og no har selskapet tilsett ein ny designsjef. Det er Jeanette Løining (40) frå Sykkylven. Ho er utdanna innan interiørdesign mellom anna, og har bakgrunnen sin frå Formfin Møbler og Varia Furniture. Ho tek til i stillinga 1. mai.

– Vi har for så vidt at designleiarar tidlegare, men vi har vore igjennom ein omorganiseringsprosess, og det er viktig å ha ein person med ansvar for produktutvikling og marketing, seier Sandnes.

Fora Form er ått av det svenske konsernet Lammhults Design Group. Konsernet har seks selskap og ni varemerke. Konsernet opplevde også eit godt 2016.

Nettoomsetninga var på 826,4 millionar svenske kroner, noko som var ein vekst på 13 prosent. Resultatet var på 45,1 millionar svenske kroner, noko som gjev ein resultatgrad på 5,45 prosent.