– Dette framlegget vil eg velsigne, og seie takk og pris.

Det sa ordførar Stein Aam då saka om å godkjenne avtalen mellom grunneigarane, Ørsta kommune og Vartdal Turn og Idrottslag vart lagt fram for formannskapet tysdag.

Eit samrøystes formannskap rår til overfor kommunestyret at avtalen vert godkjent.

Det var i førjulstidene det lukkast å oppnå semje mellom parftane om grunn til nytt idrettsanlegg på Vartdal, og avtalen er no i ferd med å verte godkjent. Alle grunneigarar har skrive under.

– Det er 38 år med arbeid som er krona med hell. Eg er glad for at saka er i orden, takka vere positive grunneigarar, idrettslaget, og aktive aktørar frå næringslivet med Håvard Vartdal i spissen, sa Aam.

Hans-Olav Myklebust (Frp) sa seg heilt samd med Aam.

– Men eg vil vente med sjampanjen til fyrste spadetaket er teke, sa Myklebust.

– Det skjer, for no er det søkt graveløyve, forsikra Aam.

Gunnar Knutsen (V) sa seg samd i rosen Aam gav til dei involverte partane.

– Og eg vil også gje ordføraren ros, sa Knutsen.