Reinhaldsverket har halde eit møte saman med representantar frå kommunen der det var semje om at det bør etablerarst nedgravne avfallsløysingar i tilknyting til mellom anna institusjonar og konsentrerte bustadareal.

– Men ein må også vurdere denne løysinga i einebustadområde, heiter det i eit referat frå møtet.

Ideelt ser ein føre seg at det bør vere om lag 40–60 einingar knytt til kvart punkt.

– Men det må vere minimum 20–25 einingar for å sikre ei rasjonell drift. Løysingane er mest aktuelle i Ørsta sentrum og i byggjefelta rundt.

Leiar i VØR, Petter Bjørdal, orienterte og nedgravne avfallsløysingar, om erfaringar frå andre kommunar, og om bakgrunnen for at VØR ønskjer at slike vert etablert.

Problem

– Klimaavtalen i Paris, ratifisert av den norske regjeringa, legg føresetnader om redusert transportbehov. I tillegg er mange bosdunkar i vegane allereie eit praktisk problem, spesielt i område med konsentrert utbygging, sa Bjørdal.

På møtet vart det også drøfta nokre konkrete utbyggingsprosjekt, mellom anna fleirbrukshallen, der det vart diskutert om ein kunne legge til rette for nedgravne avfallsløysingar i staden for eit avfallsrom, eventuelt eit felles punkt saman med ungdomsskulen.

Eigedomsseksjonen stilte spørsmål om hallen vil kunne generere nok avfall til å forsvare ei slik løysing, og viste også til at ei fellesløysing med ungdomsskulen ville gi lenger transportbehov for reinhaldarar.

I byggjefeltet Mosbakkane vert det etablert nedgraven avfallsløysing slik at folk slepp vanlege bosdunkar.

Det same kan gjeld for Pe-garden i Hovdebygda. For Mosbakkane vart det drøfta om ein skulle legge til rette for ordninga også for einebustader Det skal no utarbeidast to alternativ, eit som dekkjer heile planområdet for Mosbakkane og eit som i hovudsak skal gjelde for konsentrerte areal.

Når det gjeld Pe-garden kom det fram at det kan vere vanskeleg å gi dekning for heile feltet med berre eitt punkt, sjølv om tal einingar i bustadfeltet er ideelt for eit felles punkt. Det skal difor vurderast eit fellespunkt til kvar av tilkomstvegane.