Svein Aam (56) er tilsett som ny redaktør og dagleg leiar i Møre-Nytt. Det er styret i Møre-Nytt som står bak tilsettinga. Aam startar i stillinga 1. juli i år, samstundes med at dagleg leiar Heidi Myklebust går av, og redaktør Rune Sæbønes går tilbake til sin tidlegare journalistjobb i Møre-Nytt.

- Eg gler meg svært mykje til å byrje i jobben. I tillegg er Møre-Nytt avisa eg har vakse opp med og har lest sidan eg lærte å lese. Møre-Nytt har alltid vore eit skuleeksempel på ei god lokalavis, seier Aam.

Røynd

Styreleiar Lidvar Flydal er godt nøgd med valet av ny eineleiar.

- Ved tilsetting av Svein Aam som redaktør og dagleg leiar, har Møre-Nytt fått ein røynd pressemann som med sin breie mediebakgrunn og gode kjennskap til Ørsta og Søre Sunnmøre vil kunne leie mediehuset si vidare utvikling på ein god måte. Ei hovudoppgåve vert å vidareutvikle den sterke posisjonen mediehuset Møre-Nytt har i sitt dekningsområde, seier styreleiar Lidvar Flydal.

Aam har brei redaksjonell erfaring, gjennom mange år i NRK, først ved distriktskontoret i Møre og Romsdal og seinare som programsekretær  i NRK Dagsnytt og Vaktsjef i NRK2 /Bergen. Sidan 1998 har han vore tilsett i redaksjonen i Sunnmørsposten, først ved avdelingskontoret i Volda, og seinare i næringslivsredaksjonen.

Aam er fødd og oppvaksen i Ørsta, og har inngåande kjennskap til samfunns- og kulturliv i kommunen.

Stødig

- Ei god lokalavis er ein av grunnpilarane i eit godt lokalsamfunn. Difor er dette ein kjempespennande jobb. Media har vore gjennom ei vanskeleg tid siste åra, og stadig fleire spør om vi treng journalistar og om vi treng aviser. Svaret på det er ja. Møre-Nytt har som andre opplevd store endringar siste tida. No skal vi halde stødig kurs framover. Litt av kunsten med omstillingar er at trufaste lesarar ikkje skal merke så mykje av det, og eg meiner Møre-Nytt har klart seg godt i denne ulvetida.