Rundkøyring: T-krysset ved flyplassen i Hovdebygda skal erstattast med ei trearma rundkøyring.
(Foto: Marius Myklebust)

Rundkøyring: T-krysset ved flyplassen i Hovdebygda skal erstattast med ei trearma rundkøyring. Foto: Marius Myklebust

Får bygge rundkøyring

Statens vegvesen får vike frå reglane, og bygge rundkøyring i flyplasskrysset i Hovdebygda.

Eigentleg er det innført stopp for bygging av rundkøyringar på europavegar og riksvegar, fordi dei er skadelege for trafikkflyten på hovudfartsårane. Alle rundkøyringar på slike vegar må difor godkjennast av Vegdirektoratet.

Statens vegvesen meiner rundkøyring er den rette løysinga for dette krysset. Andre løysingar, som planfritt kryss, blir for dyrt og omfattande. Ei planfri løysing vil truleg koste fire til fem gonger meir enn ei rundkøyring.

I tillegg er det sannsynleg at vegen ikkje blir del av E39 når denne blir lagt utanom Ørsta sentrum.

Ei rundkøyring vil gi langt betre trafikkavvikling enn dagens T-kryss, meiner vegvesenet. Rundkøyringa er allereie regulert, og det må ein heilt ny reguleringsprosess dersom det skal byggast ei anna kryssløysing.

Vegdirektoratet meiner Statens vegvesen Region midt har argumentert godt for å få bygge rundkøyringa, og godkjenner fråvikssøknaden.

Meir å lese på Møre-Nytt:

Møre-Nytt ynskjer ein open og sakleg debatt. Alle innlegg vert kontrollerte etter publisering. Innlegg kan verte forkorta, redigerte eller fjerna. Det fulle namnet ditt må anten gå fram av e-postadressa, brukarnamnet eller Facebook-profilen din.

Dette vert lest no:

Fortvilar over skadeverk

Arne fekk båt skadd etter steinkasting.

Store utfordringar med fyrsteslåtten

Bøndene i Ørsta har utfordringar med årets fyrsteslått, grunna mykje nedbør. Dei fleste ligg langt bak skjema.

Siste sirkus på Utstillingsplassen

Torsdag vart sirkusteltet til Cirkus Arnardo reist på Utstillingsplassen i Ørsta for siste gong.

Elevane sigra mot lærarane

I år var det elevane ved Ørsta ungdomsskule som kunne juble høgast i den tradisjonsrike fotballkampen mellom elevane og lærarane.

NAV til Tindebygget

NAV Ørsta og Volda flyttar frå Strandgata til nye lokale i Tindebygget i Ivar Aasen-gata.

Kommunen kjøper hamna i Volda

I dag vedtek truleg Volda kommune at dei kjøper den statlege fiskerihamna i sentrum frå Kystverket.

Åtvarar mot kulturhus i sentrum

Rådmannen i Volda åtvarar mot å insistere på eit kulturhus i sentrum framfor samarbeid med høgskulen på campus.