Ringer i vatnet: Tysdag fekk Ørsta Bil og Westre Bakeri tildelt diplom frå NHO for å ha gjort dei to fyrste formidlingane gjennom Ringer i Vannet i Møre og Romsdal. F.v. Marianne Haugen Myklebust (Furene), Kjell Krumsvik (dagleg leiar Ørsta Bil), Erlend Støyle, Ragnhild Friis-Ottessen (regionansvarleg NHO), Olav Stokke (Furene) og Odd Magne Vinjevoll (Ørsta Næringskontor) (Foto: Joachim Åsebø)

Ringer i vatnet: Tysdag fekk Ørsta Bil og Westre Bakeri tildelt diplom frå NHO for å ha gjort dei to fyrste formidlingane gjennom Ringer i Vannet i Møre og Romsdal. F.v. Marianne Haugen Myklebust (Furene), Kjell Krumsvik (dagleg leiar Ørsta Bil), Erlend Støyle, Ragnhild Friis-Ottessen (regionansvarleg NHO), Olav Stokke (Furene) og Odd Magne Vinjevoll (Ørsta Næringskontor) Foto: Joachim Åsebø

– Trivest: Erlend Støyle trivest godt med jobben i Ørsta Bil, og seier at møtet med Ringer i Vannet har vore ei positiv oppleving. F.v. Ragnhild Friis-Ottessen, Erlend Støyle, Kjell Krumsvik og Marianne Haugen Myklebust. (Foto: Joachim Åsebø)

– Trivest: Erlend Støyle trivest godt med jobben i Ørsta Bil, og seier at møtet med Ringer i Vannet har vore ei positiv oppleving. F.v. Ragnhild Friis-Ottessen, Erlend Støyle, Kjell Krumsvik og Marianne Haugen Myklebust. Foto: Joachim Åsebø

1 / 2

Tilbake i arbeidslivet gjennom Ringer i vatnet

– Trefte blink med ein gong

Ørsta Bil AS og Westre Bakeri AS fekk tysdag tildelt diplom av NHO for å ha gjort dei to fyrste formidlingane i heile Møre og Romsdal gjennom Ringer i Vannet.

Ringer i Vannet er NHO sitt eige rekrutteringsprosjekt som hjelper NHO sine medlemsbedrifter i jakta på arbeidskraft, og prosjektet er inne i sitt tredje driftsår. I Møre og Romsdal er det fem arbeids- og inkluderingsbedrifter som utgjer Ringer i Vannet, og Furene er ei av desse bedriftene. Ein av dei som ville tilbake i arbeidslivet og som har lukkast med Ringer i Vannet er Erlend Støyle. For rundt eitt år sidan var han i møte med jobbkonsulent Marianne Haugen Myklebust i Furene. Dagleg leiar Kjell Krumsvik i Ørsta Bil AS var på jakt etter ein altmoglegmann, og det kom raskt i stand ein avtale om at Støyle skulle få prøve seg i jobben.

– For min del trefte vi blink på første forsøk. Eg fekk møte opp, byrje i det små og fekk tilpassa arbeidsoppgåver. Dette har gått veldig bra. Det er viktig at du har noko å gå til når du står opp om morgonen, og eg trivest veldig godt her, seier Støyle.

– Eg har vore klart på at viss han likte seg i jobben og vi var nøgde med arbeidet så venta det jobb i andre enden. Vi hadde behovet for ein altmoglegmann i verksemda, og det har fungert. I tillegg har det vore svært god oppfølging frå Furene, seier Krumsvik.

I løpet av 2017 har det vore to tilsetjingar i to ulike firma i Volda og Ørsta gjennom Ringer i Vannet. Tysdag vitja NHO Ørsta Bil AS og Westre Bakeri AS for å dele ut diplom og blomar for arbeidet som har blitt lagt ned.

– Dette er dei to fyrste formidlingane i heile Møre og Romsdal som fylgje av Ringer i Vannet. Arbeids- og inkluderingsbedriftene som deltek i denne satsinga kartlegger NHO bedriftene sine behov og søker å finne riktig person til jobben. Satsinga er eit samarbeid mellom NAV, arbeids- og inkluderingsbedriftene i NHO Service og NHO. Arbeids- og inkluderingsbedriftene er NAV sin forlenga arm i arbeidet med å få menneske som av ulike årsakar står utanfor arbeidslivet tilbake i jobb, seier regionansvarleg i NHO Ragnhild Friis-Ottessen for Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

På landsbasis er det teikna rundt tusen rekrutteringsavtaler med verksemder, og i Møre og Romsdal har 63 verksemder teikna rekrutteringsavtaler med Ringer i Vannet.

– Til sommaren har vi eit mål om avtaler med hundre verksemder i fylket.

Historia til Støyle vert omtala som eit solskinsprosjekt av Friis-Ottessen. Sjølv ser 36-åringen lyst på framtida.

– No fungerer det veldig bra for min del. Eg visste ikkje heilt kva eg gjekk til då eg hadde mitt første møte på Furene. Det vart lagt fram to til tre alternativ, og vi trefte i grunnen med ein gang. Dialogen har vore bra, og for meg har det heile vore ei positiv oppleving, seier Støyle.

For Furene er det heilt avgjerande at næringslivet er samfunnsengasjert og samarbeidsvillige.

– Samarbeidet med næringslivet heilt avgjerande for å få til noko som helst. Gjennom dette samarbeidet vert dørene opna, folk får prøve seg, gitt rom for å gjere feil, vert gjennomført gode prosessar, det vert sett krav og her kan dei arbeidssøkjande bli inkluderte, seier marknads- og prosjektkoordinator Olav Stokke i Furene.

Odd Magne Vinjevoll i Ørsta Næringskontor er svært positiv til Ringer i Vannet, og seier at dette er ein annan måte å nærme seg fast tilsetjing.

– Dette er ei fin ordning og initiativet kjem frå arbeidsgjevarsida. Det kan justerast undervegs i prosessen, og bedriftene får god tid til å bli kjent med dei som kjem inn. Dermed blir det som eit langt jobbintervju.

Krumsvik trur at endå fleire vil få auga opp for prosjektet når det vert meir kjent.

– Det kan hende at også vi treng andre på sikt, og då kan det hende at Furene har den rette personen i si portefølje.

Møre-Nytt ynskjer ein open og sakleg debatt. Alle innlegg vert kontrollerte etter publisering. Innlegg kan verte forkorta, redigerte eller fjerna. Det fulle namnet ditt må anten gå fram av e-postadressa, brukarnamnet eller Facebook-profilen din.

Meir å lese på Møre-Nytt:
Dette vert lest no:

Ørsta og Hovdebygda møtest 16. mai

Terminlista for årets 5. divisjon er klar, og Ørsta og Hovdebygda får ønsket sitt om å møtest 16. mai.

Ørsta kommune tek over Rjånes ferjekai

Statens vegvesen og Ørsta kommune er samde om kommunen tek over eigarskapet på Rjånes ferjekai.

Stumfilmkonsert på Sæbø:

Set opp ekstraframsyning

Leif Hogne Rygh spelar saman med MixMasters i Volda

Vert hylla med konsert

– Det er veldig kjekt at dei orkar å bruke tid på ein snart 74 år gammal mann, seier jazzmusikar og pensjonert urmakar, Leif Hogne Rygh.

Komikar Ørjan Burøe

– Volda er som å kome heim

– Å kome til Ørsta og Volda, er som å kome heim. Eg har teke ferja berre for å kunne ete sveler.

Fotballfritidsordninga i Ørsta arrangerer Vintercamp

– Rekorddeltaking

I vinterferien er over 70 gutar og jenter i full sving på vintercamp i regi av FFO. Tysdag fekk deltakarane lære seg litt sjølvforsvar av Volda Ju Jitsu-klubb i Ørstahallen.

Får ikkje køyre forbi Velle skule

Når bygginga av fleirbrukshallen tek til, skal anleggstrafikken leggast vekk frå Velle skule.

Fartsforviklingar i Barstadvik

Det har nyleg vorte gjennomført trafikktryggingstiltak i Barstadvik. Då vart også fartsgrensene endra til det uforståelege. No rettar vegvesenet feilen.

Stiller spørsmål om gildskap

Ørsta kommune har fått eit anonymt varslingsbrev som handlar om gild- skapen til Inge Kolås (Frp) i saka om Legene bustadområde.