– Dette er starten på bygginga av det nye Ørsta sentrum. Dette er stort, seier plansjef Gunnar Wangen.

I formannskapet tysdag presenterte Jens Nyboe Andersen og Karl Johan Baggins frå det danske arkitektfirmaet, nye teikningar som viser planar for hagen og parkområdet ved Svendsengarden. Pengar er løyvd i budsjettet, og kommunen håper at detaljane no fell på plass slik at dei kan lyse ut oppdraget og starte arbeidet med oppgraderinga til våren/forsommaren.

Tegnestuen Felt står bak vinnarframlegget i arkitekt-konkurransen Europan, og har sidan jobba med framlegg til sentrumsplan for Ørsta. Dette er første steg som vert realisert.

Tilgjengeleg

I planane er det lagt opp til bygging av nytt busskur ved E39, bak hagen til Svendsengarden. Bygginga av dette er det Statens vegvesen som skal stå for, og prosjektet er samordna med oppgraderinga av hageområdet i Svendsengarden, så prosjekta skal verte gjennomførte samstundes. I tillegg vert det oppgradering av parkeringsplassen i Torggata (vegen ned forbi Digernes-huset). Her er ein bratt bakke, men planen er å seinke parkeringa for å gjere området lettare tilgjengeleg. Her vert det også handikap-parkering, med ei rås bort mot Svendsengarden for å gjere hagen tilgjengeleg for alle.

– Her har vi tenkt å legge glatte steinar i råsa. Same type stein vert nytta i København. Det vert som jamn asfalt når steinane vert lagt rett, slik at det skal vere enkelt å ta seg fram både med rullestol, barnevogn og anna, forklarte Jens Nyboe Andersen til formannskapet tysdag.

Karen Høydal (Ap) er skeptisk til denne løysinga.

– Eg vert forundra når det ser ut til at de vil legge brustein. Brukarar har sagt at dette er det verste materialet enten det gjeld sparkesykkel, rullator eller rullestol. Alt som vert gjort no, må verte gjort slik at alt vert tilgjengeleg for alle, sa ho.

Andersen sa seg samd i at målet er å gi godt tilgjenge til alle. Og understreka at steinane dei har valt vil oppfylle dette og at det var difor dei hadde valt dei ut.

Plansjef Gunnar Wangen seier at dei tek med seg innspela vidare, og at detaljane enno ikkje er heilt spikra i planane.

Mur

I bakkant av busskuret skal det verte ført opp ein steinmur som står i stil med murane på nokre av husa i Svendsengarden. Steinane som skal verte nytta skal kommunen hente frå Osborg-løda ved E39 nedanfor Rystefeltet, som etter planen skal verte riven.

– Muren, saman med veggen til busskuret, og at vi trykker terrenget noko ned, vil gi god lydisolasjon mot E39 for dei som oppheld seg i hagen, skildra Jens Nyboe Andersen.

Hagen skal skrå nedover bak busskuret, og det er planar om å legge til rette for enkle, låge benkar som folk kan sitte på.

Også dette reagerte Karen Høydal på. Ho meiner at om der skal vere benkar, må desse vere tilgjengelege også for dei som t.d. nyttar seg av rullestol. Slik planane er lagt opp no, vil det ikkje vere slik.

Rådmann Wenche Solheim kommenterte at benkane vil vere låge fordi hagen skal lagast i terrassar.

– Det er ikkje eit amfi eller ei scene eller ein tribune vi skal lage. Her terrasserer vi, og då er tanken å ha nokre sitjeplassar, berre fordi vi har høve til det. Om du kjem i t.d. rullestol, vil det vere meir naturleg å sitje utanfor kafeen, der det også er høge nok stolar for dei som dei sit saman med. Mange vil nok kvi seg for å sitje så lågt som på terrassane, men det er ei moglegheit vi har, sa ho.

Gunnar Wangen meiner også at å gjere heile området universelt forma ut, vil verte eit for stort inngrep.

– Då får vi nok også kulturminnemyndet på nakken. Dette er eit best mogleg forsøk på å oppfylle krava.

Historisk

Per Are Sørheim (H) er samd.

– Eg forstår Karen Høydal sine gode poeng. Men vi må ta med oss at dette er ein historisk park. Det er ikkje noko nytt vi byggjer. Då må vi balansere mellom det estetiske og det vi kan få til. Her meiner eg vi må finne fram til dei gode kompromissløysingane.

Alle trea i hagen får stå som i dag. Det er også lagt opp til enkle råser med stein, litt nedseinka i graset, slik at det skal vere mogleg å slå plenen, utan at steinane kjem i vegen.

– Hagen er i dag graslagt. Eg forstår også Karen Høydal sine gode poeng, men vi må ta vare på parken og grøntarealet, og så har vi andre område i hagen der det er mogleg å sitje, om ikkje benkane er høge nok for alle.

Ordførar Stein Aam gler seg over planane.

– Dette må vi seie ja til. Vi skal ta Karen Høydal sine innspel på alvor, og vere sikre på at råsa mellom parkeringsplassen og Svendsengarden vert universelt forma ut, men som det er sagt her, må vi kompromisse oss fram til ei best mogleg løysing med det utgangspunktet vi har. Her får vi ny, flott busslomme, åtte nye parkeringsplassar, sykkelskur og oppgradering av hagen. Totalt sett vert dette fantastisk bra!

No skal detaljane i prosjektet på plass, før det vert lyst ut tilbod på arbeidet.