Ringer i Vannet er NHO sitt eige rekrutteringsprosjekt som hjelper NHO sine medlemsbedrifter i jakta på arbeidskraft, og prosjektet er inne i sitt tredje driftsår. I Møre og Romsdal er det fem arbeids- og inkluderingsbedrifter som utgjer Ringer i Vannet, og Furene er ei av desse bedriftene. Ein av dei som ville tilbake i arbeidslivet og som har lukkast med Ringer i Vannet er Erlend Støyle. For rundt eitt år sidan var han i møte med jobbkonsulent Marianne Haugen Myklebust i Furene. Dagleg leiar Kjell Krumsvik i Ørsta Bil AS var på jakt etter ein altmoglegmann, og det kom raskt i stand ein avtale om at Støyle skulle få prøve seg i jobben.

– For min del trefte vi blink på første forsøk. Eg fekk møte opp, byrje i det små og fekk tilpassa arbeidsoppgåver. Dette har gått veldig bra. Det er viktig at du har noko å gå til når du står opp om morgonen, og eg trivest veldig godt her, seier Støyle.

– Eg har vore klart på at viss han likte seg i jobben og vi var nøgde med arbeidet så venta det jobb i andre enden. Vi hadde behovet for ein altmoglegmann i verksemda, og det har fungert. I tillegg har det vore svært god oppfølging frå Furene, seier Krumsvik.

I løpet av 2017 har det vore to tilsetjingar i to ulike firma i Volda og Ørsta gjennom Ringer i Vannet. Tysdag vitja NHO Ørsta Bil AS og Westre Bakeri AS for å dele ut diplom og blomar for arbeidet som har blitt lagt ned.

– Dette er dei to fyrste formidlingane i heile Møre og Romsdal som fylgje av Ringer i Vannet. Arbeids- og inkluderingsbedriftene som deltek i denne satsinga kartlegger NHO bedriftene sine behov og søker å finne riktig person til jobben. Satsinga er eit samarbeid mellom NAV, arbeids- og inkluderingsbedriftene i NHO Service og NHO. Arbeids- og inkluderingsbedriftene er NAV sin forlenga arm i arbeidet med å få menneske som av ulike årsakar står utanfor arbeidslivet tilbake i jobb, seier regionansvarleg i NHO Ragnhild Friis-Ottessen for Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

På landsbasis er det teikna rundt tusen rekrutteringsavtaler med verksemder, og i Møre og Romsdal har 63 verksemder teikna rekrutteringsavtaler med Ringer i Vannet.

– Til sommaren har vi eit mål om avtaler med hundre verksemder i fylket.

Historia til Støyle vert omtala som eit solskinsprosjekt av Friis-Ottessen. Sjølv ser 36-åringen lyst på framtida.

– No fungerer det veldig bra for min del. Eg visste ikkje heilt kva eg gjekk til då eg hadde mitt første møte på Furene. Det vart lagt fram to til tre alternativ, og vi trefte i grunnen med ein gang. Dialogen har vore bra, og for meg har det heile vore ei positiv oppleving, seier Støyle.

For Furene er det heilt avgjerande at næringslivet er samfunnsengasjert og samarbeidsvillige.

– Samarbeidet med næringslivet heilt avgjerande for å få til noko som helst. Gjennom dette samarbeidet vert dørene opna, folk får prøve seg, gitt rom for å gjere feil, vert gjennomført gode prosessar, det vert sett krav og her kan dei arbeidssøkjande bli inkluderte, seier marknads- og prosjektkoordinator Olav Stokke i Furene.

Odd Magne Vinjevoll i Ørsta Næringskontor er svært positiv til Ringer i Vannet, og seier at dette er ein annan måte å nærme seg fast tilsetjing.

– Dette er ei fin ordning og initiativet kjem frå arbeidsgjevarsida. Det kan justerast undervegs i prosessen, og bedriftene får god tid til å bli kjent med dei som kjem inn. Dermed blir det som eit langt jobbintervju.

Krumsvik trur at endå fleire vil få auga opp for prosjektet når det vert meir kjent.

– Det kan hende at også vi treng andre på sikt, og då kan det hende at Furene har den rette personen i si portefølje.