I Hovdebygda: Avinor og Widerøe deltok på eit dialogmøte om Ørsta Volda lufthamn, Hovden i Hovdebygda: Jørgen Nergård (rutesjef kortbane, Widerøe), Sindre Skurtveit (Berg-Hansen), Asbjørn Grebstad (sjef lokale lufthamner, Avinor), Stein Aam, Sverre Bae (lufthamnsjef, Hovden) og Odd Magne Vinjevoll.
(Foto: Marius Myklebust)

I Hovdebygda: Avinor og Widerøe deltok på eit dialogmøte om Ørsta Volda lufthamn, Hovden i Hovdebygda: Jørgen Nergård (rutesjef kortbane, Widerøe), Sindre Skurtveit (Berg-Hansen), Asbjørn Grebstad (sjef lokale lufthamner, Avinor), Stein Aam, Sverre Bae (lufthamnsjef, Hovden) og Odd Magne Vinjevoll. Foto: Marius Myklebust

Widerøe vil rekne på trondheimsrute

Ei rute frå Hovden til Trondheim har vore eit ønske i mange år. No seier Widerøe endeleg ja til å rekne på ruta.

– Vi vil gå inn og sjå på grunnlaget for ei slik rute, seier Jørgen Nergård, rutesjef for kortbane i Widerøe, til Møre-Nytt.

Han seier at selskapet vil sjå konkret på korleis ei slik rute kan leggast opp, og vurdere om det er økonomisk grunnlag for å drive den.

I Hovdebygda

Måndag var Nergård i Hovdebygda for å delta i eit dialogmøte mellom Widerøe, Avinor og brukarane av Ørsta Volda lufthamn, Hovden.

– Vi har som mål å ha eit slikt møte minst ein gong i året, seier Odd Mange Vinjevoll, dagleg leiar ved Ørsta næringskontor og sekretær for Utviklingsforum for Hovden lufthamn.

Det er i dag to hovudruter frå Ørsta Volda lufthamn: Hovden-Oslo og Hovden-Bergen. I tillegg er det mellomlandingar i Sogndal og Florø. Bergensruta blir driven etter det statlege innkjøpssystemet for flyruter, medan Oslo-ruta gjekk ut av dette systemet i fjor og no blir driven kommersielt.

– Vi vil bruke Hovden, men prisane er for høge

Widerøe meiner det har gått om lag som forventa etter at statsstøtta vart fjerna frå Hovden-Oslo. No vil dei skape vekst i ruta igjen. Det vil krevje lågare prisar, meiner reisebyrå.

 

Ikkje subsidiar

Det er liten grunn til å tru at ei rute mellom Ørsta Volda lufthamn og Trondheim lufthamn, Vernæs kjem inn i det statlege systemet. Den må difor ha kommersielt driftsgrunnlag for å bli starta opp. Widerøe vil ikkje starte ei rute dei taper pengar på.

– Vi har hatt eit svært godt møte med Widerøe, og eg synest vi har fått nye signal om ei Trondheimsrute. Det håper eg vi kan jobbe vidare med for å få til, seier Stein Aam (Sp), ordførar i Ørsta.

Ei rute til Trondheim vil ifølgje Aam først og fremst vere viktig for sjukehusreiser til St. Olavs Hospital, som er regionsjukehus for Møre og Romsdal.

– Det er for mange svært tungvint å kome seg til St. Olavs med dagens tilbod. Anten må dei til Vigra, eller så må dei via Oslo. Då tek reisa mange fleire timar enn kva som er naudsynt, seier han.

Det er mykje enklare å kome seg til Bergen frå Hovden, og pasientreisene ville difor vore i dei fleste tilfelle vore langt kortare dersom Haukeland universitetssjukehus var region- sjukehus for Søre Sunnmøre. Det same gjeld for så vidt for Oslo.

Eit par gonger i veka

Dersom Widerøe finn grunnlag for å starte ruta, vil det truleg i første omgang dreie seg om eit par avgangar i veka. Eventuelle utvidingar vil vere avhengig av trafikkgrunnlaget.

– Vi må då gå inn og sjå korleis ei slik rute vil passe inn i trafikkmønsteret vårt elles. Er det til dømes mogleg å sjå for seg ein gunstig rundtur der også andre flyplassar er med i systemet, seier Nergård.

Avinor er klare på at dei ikkje står i vegen for ei ny rute på Hovden.

– Vi er klare for å ta imot fleire fly på Hovden, og vi utvidar flyoppstillingsplassen dersom vi må det, seier Asbjørn Grebstad, sjef for lokale lufthamner i Avinor.

Odd Magne Vinjevoll er glad for at Widerøe no gir meir positive signal om ei trondheimsrute enn tidlegare.

– Eg er iallfall heilt sikker på at det er gjennom den typen dialog vi har i dag at vi kan få til utvikling på Hovden. Det har vore ei suksessoppskrift tidlegare også, seier han.

Meir å lese på Møre-Nytt:

Eg er iallfall heilt sikker på at det er gjennom den typen dialog vi har i dag at vi kan få til utvikling på Hovden

Mange reiser: Mange reiser går til St. Olavs Hospital i Trondheim.
(Foto: Wikimedia Commons)

Mange reiser: Mange reiser går til St. Olavs Hospital i Trondheim. Foto: Wikimedia Commons

Dette vert lest no:

Kommunen opprettar næringsfond

Om overskotet til kommunen blir stort nok dei komande åra, skal overskotet settast på eit næringsfond. Ordføraren har stor tru på tiltaket.

Usemje om avkøyring til Kiwi

Eigarane av Kiwi på Heltne ønskjer framleis direkte tilkomst frå Vikebygdvegen når Voldatunnelen kjem. Vegvesenet seier kontant nei.

60 nye politifolk til Møre og Romsdal

Ventar styrking på Søre

Møre og Romsdal får 60 nye politifolk i år. Nokre av dei vil kome til Søre Sunnmøre, trur lensmann Guttorm Hagen.

Bilforsikring med eigen app

Sparebank 1 Søre Sunnmøre lanserer smart bilforsikring, som skal motivere til og belønne tryggare køyring.

Til semifinalen i Norske Talenter

Bendik Hustadnes frå Volda gjekk fredag til semifinalen i Norske talenter etter ei imponerande trommeoppvising.

Vik Ørsta:

Satsar stort på trafikksikring

Ny produksjonslinje for lysmaster vil doble produksjonen

Mørenett-flyttinga:

Skal spare 4,8 mill. i året på samlokalisering

Rapport fortel at ulempa for dei tilsette vil vere størst ved å velje Dragsund.