– Vi vil gå inn og sjå på grunnlaget for ei slik rute, seier Jørgen Nergård, rutesjef for kortbane i Widerøe, til Møre-Nytt.

Han seier at selskapet vil sjå konkret på korleis ei slik rute kan leggast opp, og vurdere om det er økonomisk grunnlag for å drive den.

I Hovdebygda

Måndag var Nergård i Hovdebygda for å delta i eit dialogmøte mellom Widerøe, Avinor og brukarane av Ørsta Volda lufthamn, Hovden.

– Vi har som mål å ha eit slikt møte minst ein gong i året, seier Odd Mange Vinjevoll, dagleg leiar ved Ørsta næringskontor og sekretær for Utviklingsforum for Hovden lufthamn.

Det er i dag to hovudruter frå Ørsta Volda lufthamn: Hovden-Oslo og Hovden-Bergen. I tillegg er det mellomlandingar i Sogndal og Florø. Bergensruta blir driven etter det statlege innkjøpssystemet for flyruter, medan Oslo-ruta gjekk ut av dette systemet i fjor og no blir driven kommersielt.

Ikkje subsidiar

Det er liten grunn til å tru at ei rute mellom Ørsta Volda lufthamn og Trondheim lufthamn, Vernæs kjem inn i det statlege systemet. Den må difor ha kommersielt driftsgrunnlag for å bli starta opp. Widerøe vil ikkje starte ei rute dei taper pengar på.

– Vi har hatt eit svært godt møte med Widerøe, og eg synest vi har fått nye signal om ei Trondheimsrute. Det håper eg vi kan jobbe vidare med for å få til, seier Stein Aam (Sp), ordførar i Ørsta.

Ei rute til Trondheim vil ifølgje Aam først og fremst vere viktig for sjukehusreiser til St. Olavs Hospital, som er regionsjukehus for Møre og Romsdal.

– Det er for mange svært tungvint å kome seg til St. Olavs med dagens tilbod. Anten må dei til Vigra, eller så må dei via Oslo. Då tek reisa mange fleire timar enn kva som er naudsynt, seier han.

Det er mykje enklare å kome seg til Bergen frå Hovden, og pasientreisene ville difor vore i dei fleste tilfelle vore langt kortare dersom Haukeland universitetssjukehus var region- sjukehus for Søre Sunnmøre. Det same gjeld for så vidt for Oslo.

Eit par gonger i veka

Dersom Widerøe finn grunnlag for å starte ruta, vil det truleg i første omgang dreie seg om eit par avgangar i veka. Eventuelle utvidingar vil vere avhengig av trafikkgrunnlaget.

– Vi må då gå inn og sjå korleis ei slik rute vil passe inn i trafikkmønsteret vårt elles. Er det til dømes mogleg å sjå for seg ein gunstig rundtur der også andre flyplassar er med i systemet, seier Nergård.

Avinor er klare på at dei ikkje står i vegen for ei ny rute på Hovden.

– Vi er klare for å ta imot fleire fly på Hovden, og vi utvidar flyoppstillingsplassen dersom vi må det, seier Asbjørn Grebstad, sjef for lokale lufthamner i Avinor.

Odd Magne Vinjevoll er glad for at Widerøe no gir meir positive signal om ei trondheimsrute enn tidlegare.

– Eg er iallfall heilt sikker på at det er gjennom den typen dialog vi har i dag at vi kan få til utvikling på Hovden. Det har vore ei suksessoppskrift tidlegare også, seier han.

Mange reiser: Mange reiser går til St. Olavs Hospital i Trondheim. Foto: Wikimedia Commons