I tiltalen som Statsadvokatane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane har teke ut er tiltalepunkta delt i to tidsperiodar. Mannen er tiltalt for å ha hatt seksuell omgang med barn under ti år, og det skal ha skjedd gjentatte overgrep i perioden forut for 1. oktober 2015.

For perioden frå og med 1. oktober 2015 er mannen tiltalt for grov seksuell omgang med barn under 14 år.

I tiltalen heiter det at overgrepa er grove fordi det særleg vert lagt vekt på fornærma sin alder på handlingstidspunktet, og at det skjedd gjentekne overgrep.

I tillegg til å vere tiltalt for overgrep er mannen tiltalt for seksuell omgang med slektning i nedstigande line.