Sjølv etter ein lang dag med konferanse i Haram og besøk i Ulstein, var det ein engasjert statsministeren som fekk høyre om det vidtfemnande arbeidet til organisasjonen: ungdomsgruppa RØFF, hjelpekorpset og besøkstenesta.

Sjå bilde frå besøket i bildekarusellen i toppen av saka.

- Noreg hadde ikkje kunne fungert utan frivillig innsats. Vi er heilt avhengige av arbeidet de gjer, sa ein imponert statsminister då ho talte til årsmøtet til besøksgruppa i Ørsta Røde Kors.

- Eg brukar å seie at vi kan sjølvsagt klage over at det er tungvint at så mykje av samfunnet er basert på frivillig innsats, men eg trur at sanninga er at vi likar det, sa Solberg til stor latter frå salen.

- Det er sosialt, vi får vennar på den måten og det er givande å kunne delta, la ho til.

Trekte fram besøkstenesta

Statsministeren trekte særleg fram arbeidet til besøkstenesta.

- Arbeidet besøksgruppene til Røde Kors gjer i Noreg, er utruleg viktig. Her i Ørsta er det først og fremst retta mot eldre, men eg veit også at tenesta er retta mot til dømes fengsel andre stader i landet. Det er viktig fordi det er for mange menneske som er einsame, og har problem med å kome seg ut blant folk.

Songgruppa til besøkstenesta underheldt med song for statsministeren og resten av forsamlinga.

- Det er flott at de er så aktive, og at de også tek på dykk underhaldninga på sjukeheimane. Eg har forstått det slik at Ørsta er eit av dei beste stadane for Røde Kors å drive. Her stiller folk opp og det er flott. Røde Kors er ein viktig del av samfunnsstrukturen, og må bli tekne med på laget i planlegginga og organiseringa til kommunane. Då føler også dei som deltek i større grad at det er nyttig.

- Vi må ta vare på organisasjonane og den frivillige innsatsen i samfunnet vårt, fordi den skaper tillit i samfunnet. Utan innsatsen de gjer, ville Ørsta vore fattigare, og vi som samfunn ville vore fattigare, sa Solberg før ho retta nasen mot Ørsta Volda lufthamn, Hovden og flyet tilbake til Oslo.

Les meir om statsministerbesøket i Møre-Nytt torsdag, og sjå mange bilde i bildekarusellen i toppen av saka.