Kring femti bilde pryda veggene på skulen, og mange tok turen for å sjå dei. Mellom dei var systrene Åshild Saur og Else Romestrand. For dei var denne utstillinga spesiell då kunstmålar Karl Mathisen var onkelen til Åshild og Else sin far, Helge Romestrand. Bilda vekte mange gode minne hjå systrene.

– Vi var ganske ofte i heimen til Mathisen på Masdal. Han var ein kjekk og koseleg mann, ein slags original, men på ein positiv måte, fortel Åshild og Else.

Seglmakar

Karl Mathisen var fødd 8. november 1892. Han var det førstefødde barnet til seglmakaren Oskar Mathisson og kona Matilde Karlsdotter. Då Karl var til sjøs, byrja ein romantisk spire: Tidleg i 1920-åra var Ingeborg Masdal, til dagleg kalla Bolla, ei ugift, truleg heimeverande kvinne i Hansgarden. Bortsett frå at ho tok del i gardsarbeidet når det trongst, livnærte hos seg som «strikkerske». Ingeborg var ei av dei som følgde oppmodinga frå Sjømannsmisjonen om å sende pakkar og brev til sjømenn. Ei slik brevhelsing nådde sjømann Karl Mathisen, som svarte og takka den elleve år eldre Bolla på Masdal.

Kontakten mellom dei utvikla seg, og dei møttest. 31. mai 1925 var dei brudepar i Vartdal kyrkje. Då hadde Karl budd i bygda ei tid. Ekteparet Karl og Bolla fekk bygt seg ei lita stove, lengst sørvest på Masdal. Medan Bolla strikka, livnærte Karl seg som interiørmålar i heimane til folk. Mest aktiv som kunstmålar var han truleg i krigsåra 1940–1945. Han måla mellom anna båtar, tun og naturlandskap.

Folk minnest Karl Mathisen som ein triveleg person som ofte tok turen innom grannane i Bukta og slo av ein prat. Han var ein trottig drivar av småsjøen, og låg ofte utanfor Molvikneset og Haugane og drog kokfisk.

Mathisen døydde på Vartdal gamleheim 3. juli 1978, elleve år etter at Bolla døydde.

Private

Langt over 50 gjenstandar var samla inn frå private og institusjonar i samband med utstillinga på Vartdal skule. Mange på Vartdalsstranda har hengande motiv av Mathisen.

– Utstillinga vart til etter at fiskerimuseet fekk inn mange båtbilde av Karl Mathisen. Då fann vi ut at vi ville lege ei eiga utstilling av han, fortel Eldar Westre, leiar i sogelaget. Han er svært takksam for at folk har lån ut bilda sine. Westre meiner Mathisen fortener ei slik utstilling då han var ein underkjent kunstnar.

Vartdal sogelag: Eldar Westre (t.v.), Rolv Gjøsdal og Ludvig Flåskjær i sogelaget var godt nøgd med interessa for utstillinga. Foto: Roy-Arne Folkestad
Utstilling: Mange tok turen for å sjå Karl Mathisen-motiva i helga. Foto: Roy-Arne Folkestad