Mannen var tiltalt for å hjelpt ein annan person til ulovleg innreise i Noreg. I desember 2015 skal mannen ha kjøpt flybillett til ein annan mann, og vore med på reisa frå København til Oslo. I retten erkjente mannen seg skyldig etter tiltalen.

Ifølgje rettspapira skal mannen som reiste ulovleg til Noreg vere eit familiemedlem av tiltalte. Tiltalte skal ha møtt familiemedlemmen på sentralbanestasjonen i København etter at vart kontakta. Familiemedlemmen skal uttalt at han ville reise til Noreg, medan tiltale gav beskjed om at han ikkje hadde lov å reise til Noreg og måtte søke asyl i Danmark. Den tiltalte enda opp med å kjøpe flybillett til familiemedlemmen, men hjelpte ikkje til med innsjekking på flyplassen i København. I Noreg vart mannen stoppa i grensekontrollen då han ikkje hadde gyldig pass.

I Sunnmøre tingrett vart mannen dømd til fengsel i førti dagar. Fullbyrdinga av tjue dagar av fengselsstraffa vart utsett med ei prøvetid på to år. I tillegg vart mannen dømd til å betale sakskostnader på 2.000 kroner.