Premiere på Volda vgs.-musikalen «The Cream of Soul» i kveld

Det er to dagar igjen til premieren på årets musikal. Både lærarar og elevar jobbar på spreng for å få alt klart på scena. Mikrofonane skal testast og kamera skal setjast opp.

Musikkelevane gjer seg klar for gjennomkjøring for første gong på scena. Namna deira blir ropt opp ein etter ein for at dei skal stille seg opp skikkeleg i koret. Fleire medieelevar jobbar med å få plassert kamera skikkeleg. Arnstein er ein av dei som har stilt seg opp i koret.

– I årets musikal skal eg spele ein dommar i talentshowet «The Cream». Eg skal også synge ein song saman med programleiarane og den andre dommaren.

Gjennomkøyringa går ikkje heilt knirkefritt. Nokre av songane må bli sunge på nytt for at lyden på mikrofonane skal bli heilt perfekt. Trass i dette seier Arnstein at alt blir klart til premieren.

– Det ser ut som om alt skal bli klart til premieren. Dei er godt i gang med rigginga; nesten heilt ferdige.

Tysdag kveld er det premiere på Ørsta kulturhus. Fredag kjem musikalsirkuset til Fosnavåg konserthus.

Tekst : Lisa BendalElev, Volda vgs.

Hardt arbeid: Både lærarar, elevar og andre frivillige jobbar hardt for å bli ferdig med rigging. Foto: Victoria Helde Foto: Privat